Har arbeid fram til juli 2020
SOLSTADFARSTAD: Meir arbeid i Mexicogulfen for Far Sentinel.
Nytt

Har arbeid fram til juli 2020

SolstadFarstad-skipet Far Sentinel har fått forlenga arbeidet i Mexicogulfen.

19.10.2017
Konstruksjonsfartøyet er i dag i arbeid for Blue Marine i Mexicogulfen. No er kontrakten forlenga med 18 månader fram til juni 2020.
Dette opplyser SolstadFarstad i torsdag.
Kontrakten har ein klausul om terminering mot eit betydeleg termineringsgebyr, men eventuell terminering av kontrakten kan først gjerast etter november neste år.
Far Sentinel vart levert frå Vard i juli 2015, og var eitt av dei tidlegare flaggskipa i Farstad-flåten.

Stor djupne

Etter fusjonen av Solstad, farstad og Deep Sea Supply er skipet ein del av SolstadFarstad-flåten på rundt 150 skip, men har behalde namn, skorsteinsmerke og fargar.
Det 142 meter lange skipet er designa for subsea- og brønnintervensjonsoperasjonar, og kan arbeide ned til 3.000 meter djupne.
Fartøyet er utstyrt med to offshorekraner, der den største har løftekapasitet på 350 tonn. Dekksarealet er på heile 1.800 kvadratmeter, og det er gjort plass til tre ROV-ar.

Publisert: 19.10.2017 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15