Har aldri opplevd maken til fiskeri
LOFOTSKREI: Fullt med skrei over garnhalaren for Halvard Leine, som på sine 45 år som fiskar aldri har opplevd maken til garnfiske.
Nytt

Har aldri opplevd maken til fiskeri

Han hadde med seg 60 garn, men fiska berre med 20. Det var meir enn nok.

23.03.2017
- Vi kunne ikkje fiske med meir garn, rett og slett fordi det var så mykje fisk.
Det seier Halvard Leine på Herøy-sjarken Leinefisk.
Saman med Fredrik Sandnes tok han torskekvoten på 29 tonn på nokre få dagar.

- Enorme mengder

Fisket skjedde utanfor Røst i Lofoten.
- Det var enorme mengder skrei over store område. Om vi hadde sett meir garn, ville ikkje vi klart å levere så god kvalitet på fisken.
Enkelte dagar fekk han opp til fem tonn med fisk på ei garnsetjing. Det vil seie rundt 700-800 torskar og eit snitt på 35 per garn.
- Av og til var det fullt med fisk som kom over rullen.

Betre prisar

Også andre fiskarar fortel om eit eventyrleg skreifiske i Lofoten i år.
Leine deltok på Lofot-fisket for første gong, og hadde i utgangspunktet tenkt å ta torskekvoten på bankane utanfor Møre.
- For det første er her i år lite fisk, for det andre får vi her dårlegare betalt for torsken enn lenger nord.
- Her sør ville vi fått om lag 13,50 kroner kiloen for rundt fisk, medan vi fekk vel 15 kroner kiloen på Røst.

Lite Møre-sild

Leine meiner at det er manglande sildeinnsig som er årsak til at det er lite vintertorsk på Mørekysten i år.
- Her har nesten ikkje vore sild, og då kjem heller ikkje torsken. Litt vert det nok, men i år var det langt betre å ta turen til Lofoten.
- Vi brukte to veker frå vi reiste heimanfrå til vi tilbake heime. Av desse var det fleire dagar med landliggje på grunn av dårleg vêr.
Verdien på fangsten var 435.000 kroner.
- Ikkje verst det på to veker, seier Leine, som har drive med fiskeri i 45 år.
Ifølgje Råfisklaget har det så langt i år landa skrei i Lofoten for 548,5 millionar kroner. På same tid i fjor var det landa skrei for 559,8 millionar kroner.
Det var enorme mengder skrei over store område

Publisert: 23.03.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07