Har 35 skip klare til bygging
VIL HA FOND: Minst seks milliardar kroner til eit statleg fond for å finansiere bygging av nye, mindre forureinsande skip  ved norske verft vil utløyse milliardoppdrag på kort tid for verfta, i følgje styreleiar Oskar Grimstad i bransje- og arbeidsgivarsorganisasjonen Kystrederiene.
Nytt

Har 35 skip klare til bygging

Statleg fond kan utløyse oppdrag for 10 milliardar kroner hos verfta, meiner Kystrederiene.

02.06.2020
35 farty er klare til bygging viser ei rundspørjing bransje- og arbeidsgivaraorganisasjonen Kystrederiene har gjort.
- Det er ikkje vanskeleg å finn prosjekt for opptil 10 milliardar kroner, seier styreleiar Oskar Grimstad i Kystrederiene av kor store potensielle oppdrag det er snakk om for skipsverfta dersom alle byggeplanene blir sett ut i livet.
Hittil i år har norske skipsverft fått oppdrag for 2,4 milliardar kroner, langt under det som må til for å oppretthalde aktiviteten ved verfta, i følgje sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Lanserte fond

Oskar Grimstad lanserte ideen om eit nytt statleg fond for å få fart på skipsbygginga under eit nettmøte mellom stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal og den maritime næringa i dag. Maritimt Forum Nordvest organiserte møtet.
Grimstad seier det er opp til politikarane å velje om fondet skal gå inn med eigenkapital og seinare selje seg ut, eller finansiere skipsbygging gjennom lån.
I tillegg til å gi verfta nye oppdrag, må målet vere å stimulere til bygging av skip som forurensar mindre, meiner han. Staten har stimulert overgang til elbil ved milliardlette i bilavgiftene og no bør også meir miljøvenleg skipsfrakt langs kysten stimulerast, argumenterere Grimstad.

Vil ha meir

Næringsminister Iselin Nybø la i førre veke fram regjeringa sitt framlegg til støtte for maritim næring. Den er på 684 millionar kroner. I tillegg er det løyvd 100 millionar til å bygge eit lite forskingsfarty til Havforskingsinstituttet, for bruk langs kysten. Stortingsforhandlingane om framlegget er venta å vere klart før sommarferien.

Bransjeaktørar vil ha meir. Det kom fram både i Grimstad og andre sine innlegg i på nettmøtet i dag.
HR-sjef Magne Gurskevik hos skipsverftet Kleven etterlyste mellom anna ei utviding av kor lenge det er lov å ha folk permitterte, til 52 veker, og understreka at det hastar med tiltak. Verfta var akkurat på veg til å kome ut av omstillingsperioden i det koronakrisa kom.
- Om eit par tre år er det ikkje sikkert at det er noko å satse på, sa Gurskevik.
Det er ikkje vanskeleg å finn prosjekt for opptil 10 milliardar kroner

Publisert: 02.06.2020 10:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57