Har 120 i arbeid inntil vidare
EID: Framleis god produksjon ved Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid.
Nytt

Har 120 i arbeid - inntil vidare

Glas- og dørprodusenten på Nordfjordeid fryktar permitteringar, men har hittil alle 120 tilsette i arbeid.

30.03.2020
- Framtida er uhyre usikker, og det endrar seg frå dag til dag, men hittil har vi klart å halde det gåande med nokolunde full produksjon.
Det seier dagleg leiar Roald Starheim ved Norgesvinduet Bjørlo.
Bedrifta har rundt 120 tilsette fordelt på anlegget på Nordfjordeid og dotterselskapet Bjørlo Haugen på Haugen.
Starheim seier at dei utanlandsk tilsette har fått heimreiseforbod.
- Ja, om dei reiser heim, må det automatisk i karantene når dei kjem tilbake.

Vurderer permitteringar

Men han seier at det uansett kan kome til å bli permitteringar.
- Vi er blant anna avhengige av ein del underleverandørar. Om dei stoppar opp, vil vi også slite.
- I tillegg kan det bli logistikkmessige utfordringar, som gjer at vi må kutte.

- Fornuftige tiltak

Starheim er fornøgd med tiltaka som styresmaktene har sett i verk.
- Ja, så langt ser dei fornuftige ut, og for oss har vi hittil ikkje opplevd store negative konsekvensar.
- Men eg har stor forståing for frustrasjonen frå dei mange som no slit.

Hard konkurranse

Selskapet på Eid omsette i fjor for 201,2 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 9,1 millionar.
På Haugen var omsetninga 11,8 millionar og resultatet før skatt minus 2,3 millionar kroner.
Starheim fortel om hard konkurranse og prispress, ikkje minst frå utanlandske aktørar.
Selskapet har også bak seg fleire år med tap etter at folier til vindu flassa på grunn av produksjonsfeil frå den tyske leverandøren.

Starta godt

Starheim seier at året i år starta godt.
- Ja, det såg bra ut, men no veit vi ikkje korleis det vil utvikle seg.
- Det vi fryktar er at større prosjekt vert utsette eller avlyste, noko som fort vil ramme oss.
Han eig sjølv 50 prosent av selskapet gjennom haldingselskapet Beverlo.
Andre eigarar er Trude K. Bjørlo med 25 prosent og Bente Bjørlo Bleie og Grete Bjørlo med 12,5 prosent kvar.
Eg har stor forståing for frustrasjonen frå dei mange som no slit

Publisert: 30.03.2020 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54