Han skal faa fleire til Strandafjellet
STRANDA: Ekstremsportutøvar Karsten Gefle er tilsette som marknadssjef ved Stranda skisenter, og skal bidra til at senteret vert eitt av dei beste og mest komplette skianlegga i Norge.
Nytt

Han skal få fleire til Strandafjellet

Han er verdskjend for sin skikøyring ned stupbratte fjellsider. No skal Karsten Gefle løfte Strandafjellet og Stranda skisenter.

18.10.2019
- Vestlandets mest spennande reiselivsprodukt, seier Karsten Gefle.
Han er no tilsett som marknadssjef i Stranda skisenter, som har mål om å verte eitt av landets flottaste og mest komplette skianlegg.
- For meg er dette draumejobben, seier Gefle.

Ekstremsportsfilmar

Han er opphavleg frå Gjøvik, men er gift og busett i Ålesund. Han kjenner Stranda og sunnmørsalpane betre enn dei fleste etter å ha drive med ekstremsport i 20 år.
Blant anna har Gefle deltatt i åtte ekstremsportfilmar, og var sentral i filmen 'Don't crack the pressure' frå 2016, med tjue minutts sunnmørsreklame, der Gefle blant anna køyrde frikøyring ned stupbratte fjellsider i Hjørundfjorden.

Han har også vore prosjektleiar for 'Ski the Fjords', eit samarbeidsprosjekt mellom 62°Nord, Sagafjord Hotell og Juvet Landskapshotell. Målet med prosjektet er å auke den aktivitetsbaserte vinterturismen og kjennskapen til Sunnmøre.

Servicebygg

Gefle vert tilsett som marknadssjef samstundes som aksjonærane bak Stranda skisenter gjennomfører store investeringar.
Blant anna skal det byggjast eit stort servicebygg.

Byggjet vert på 600-800 kvadratmeter og skal romme restaurant, skiutleige, butikk og afterski.

Får lengre skisesong

Men det er også investert 20 millionar i nytt snøproduksjonsanlegg.
I ei pressemelding frå Stranda skisenter vert det opplyst at med eit 1500 meter heilautomatisk snøanlegg i ny tilrettelagt familieløype ved Fursetheisa, vil Strandafjellet kunne garantere ein lang skisesong med tidleg sesongstart.
Det nye snøproduksjonsanlegget, som skal stå klart 1. november, produserer snø frå -2 grader og kan dekke heile traséen på 3-5 dagar.
Det vert opplyst at nye anlegget er mykje meir effektivt, som gjer at ein kan bruke mindre straum, vatn og luft, og samtidig produsere meir og betre snø på kortare tid.

Storstilt hytteutbygging

I tillegg har Strandafjellet Skisenter, gjennom selskapet Blådalslia AS, kjøpt sentrumsområdet mellom Roaldsheisa og hoppbakken, også omtalt som indrefileten.
Det 150 mål store området er regulert for 250 nye bueiningar fordelt på hytter og leilegheiter.
Utbygginga vil skje stegvis, med oppstart i 2020, og det vert opplyst at interessa frå hyttebyggarane er allereie stor.
Også gondolen på Strandafjellet har hatt eit nytt toppår, med 20.000 reisande, opp frå 12.000 i fjor.
Det er først og fremst cruiseturistane som bidreg til auken.

Publisert: 18.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41