Halvparten seld utan annonsering
UTVIDAR: Bustadane i toppetasjen i første byggesteg blei selde i fjor haust og tidleg i 2017. No blir det truleg byggestart for andre byggesteg i Sjøsida-prosjektet i Ulsteinvik.
Nytt

Halvparten seld utan annonsering

Ulstein Utvikling klar for andre byggetrinn ved sjøkanten i Ulsteinvik.

27.07.2018
I løpet av siste året er det fleire og fleire som har spurt Jon Ove Ringstad i Ulstein Utvikling om å få kjøpe leilegheit i andre byggetrinn i Sjøsida-prosjektet i Ulsteinvik.
Før annonseringa starta denne veka er allereie rundt 15 av dei 31 leilegheitene reserverte.
- Optimismen i Ulsteinvik er i ferd med å kome tilbake, seier Ringstad.

110 millionar kroner

Ringstad vil ikkje oppgi detaljar på kva som skal til før Ulstein Utvikling bestemmer seg for å sette i gang bygging av andre byggesteg, men gir klare signal om at det snart kan bli tommelen opp for byggestart.
- Interessa for å bygge er veldig stor, seier han.
Andre byggesteg er berekna å koste rundt 110 millionar kroner. Leiligheitene vil variere mellom 57 og 187 kvadratmeter, mend ein pris på rundt 50.000 kroner pr. kvadratmeter.

Droppe garasjekjellar

Til skilnad frå første byggesteg, der det er garasjekjellar, blir det garasjen under på bakkeplan med fire etasjar med leileghet over i andre byggesteg.
Prisen gjorde at selskapet droppa garasjekjellar i dette byggetrinnet.
Første byggesteg omfattar både næringsarela på grunnplanet og omsorgbustadar i deler av bygga i tillegg til 42 husvere. Andre byggesteg blir berre bustadar.

Ulstein og Kleven på eigarsida

Ulstein Utvikling har fleire kjende aktørar i Ulstein på eigarsida; Borgstein, Naustneset og Bakkely Invest har alle ulike greiner av Ulsteinfamilien på eiugarsida. Rome (Jogeir Romestrand), John Kleven as og Hareid Elektriske er og selskap med over 10 prosent eigaskap i selskapet.
Optimismen i Ulsteinvik er i ferd med å kome tilbake

Publisert: 27.07.2018 14:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16