Halsebakk tente mest i nordvest
SØLVTRANS: Roger Halsebakk hadde størst inntekt i Møre og Romsdal i fjor.
Nytt

Halsebakk tente mest i nordvest

Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk har størst inntekt i Møre og Romsdal. Sal av Jets-aksjar gav også store inntektshopp. 

05.11.2019
Roger Halsebakk står oppført med ei skattbar inntekt på 51,7 millionar kroner i 2018. Dermed har Sølvtrans-gründeren den høgaste skattbare inntekta i Møre og Romsdal, skriv
Halsebakk er frå Sandsøya, men bur i Ålesund, og betalte i fjor 17,7 millionar kroner i skatt.
Han har ei formue på rundt to milliardar kroner etter sal av aksjar til eit britisk investeringsselskap.

Satsar lokalt

Ein betydeleg del av summen er reinvestert i lokale selskap gjennom investeringsselskapet Ronja Capital, blant anna i 'Andy' Farstad sitt nye offshoreselskap, i reiseliv og i utvikling av Rosenlund på Sandsøya.
I Ronja Capital er no Tore A. Tønseth tilsett som investeringsdirektør.
Tønseth har i 15 år år arbeidd som analytikar for Sparebank1 Markets og Pareto Securities, med spesiell fokus på sektorar som sjømat, teknologi og industri. Frå desember skal han leie Halsebakks investeringsselskap.

Jets-millionar

Halsebakk slår så vidt Ranveig Gjerde frå Herøy etter at ho og deler av familien selde seg ut av Jets-konsernet på Hareid.
Ranveig Gjerde hadde i fjor ei inntekt på 51,4 millionar kroner, og betalte 15,9 millionar i skatt.
Også sonen Mathias Gjerde frå Gjerdsvika kjem høgt opp på inntektslista, med ei inntekt på 25,6 millionar kroner i fjor.
På tredje plass på lista kjem derimot Henry Husøy frå Aukra med 49,8 millionar kroner i inntekt.
Ifølgje Sunnmørsposten sin statistikk er det 33 i Møre og Romsdal som hadde inntekt på meir enn ti millionar kroner i fjor.

Publisert: 05.11.2019 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43