Halsebakk startar investeringsselskap
SATSAR: Roger Halsebakk satsar stort på eit investeringsselskap, og samlar fleire bedrifter i lokala over Sølvtrans på Skansekaia. 
Nytt

Halsebakk startar investeringsselskap

Han vert nedringt av investorar som vil ha han med på laget. No startar Sølvtrans-direktøren sitt eige investeringsselskap.

20.09.2018
- Ja, målet er at vi skal få skape meir aktivitet i lokala her og i Ålesund.
Sølvtrans har overtatt tredje etasje i dei tidlegare Farstad Shipping-lokala på Skansekaia. Men i tillegg har Halsebakk leigd 450 kvadratmeter i fjerde etasje.
Der er det for tida tomt for aktivitet, men vil Halsebakk lovar at der vil vere aktivitet frå nyttår.
- Investeringsselskapet kjem til å ha tilhald der. I tillegg kjem andre som eg ikkje kan nemne namn på endå, seier Halsebakk.

Vekstselskap

Satsinga skjer i regi av Ronja Capital, Halsebakk sitt eige selskap.
- Vi kjem nok til å investere mest innanfor oppdrettsbransjen. Det er trass alt det vi kjenner best.
- I tillegg synst eg det er spennande mulegheiter i olje og gass, og aller best er det om vi kan bidra til å skape vekst og arbeidsplassar lokalt.
Halsebakk sit på ein stor sekk med friske pengar etter at det London-baserte private equity-fondet Antin Infrastructure Partners kjøpte majoriteten av aksjane i Silver Holding, selskapet bak brønnbåtselskapet Sølvtrans.

Frisk kapital

Halsebakk eigde sjølv 30,6 prosent av aksjane i Silver Holding, men har seld seg ein del ned og dermed frigjort ein betydeleg sum med kapital, truleg rundt 200 millionar kroner.
Ein del av dette skal no reinvesterast i nye selskap.
- Vi er i startfasen, men planen er å setje saman ei investeringsgruppe som tek den endelege beslutninga av kva vi skal gå inn i.
- I denne gruppa skal eg sjølv sitje, sik at eg sit med hendene på rattet.

- Fantastiske idear

Halsebakk seier at det manglar ikkje på tilbod på prosjekt å gå inn i.
- Alle som ringjer har heilt fantastiske idear. Noko seier eg nei til med ein gong, og det er ikkje alltid like lett når det kjem frå folk du kjenner.
- Men noko går eg vidare med. No skal dette formaliserast.
Vi kjem nok til å investere mest innanfor oppdrettsbransjen

Publisert: 20.09.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26