Hadde nok ikkje vorte bestilte i dag
DÅP: I dag er det ope skip og dåp av det 126,7 meter lange offshore konstruksjonsskipet Grand Canyon II. Dåpen er ved Stornespiren i Ålesund.
Nytt

- Hadde nok ikkje vorte bestilte i dag

Dei er dyre, dei er skreddarsydde og dei skal gjere ei rekkje ulike oppdrag for amerikanske Canyon Offshore. Men direktør Finn Syversen i Volstad Management tvilar på om skipa hadde vorte bestilte i dag.

21.03.2015
- Vi har femårsavtale med Canyon Offshore, pluss opsjonar, så for oss ser det bra ut. Men det er nok tvilsamt om Canyon Offshore hadde satsa på tre slike båtar i dag om dei visste korleis marknaden kom til å utvikle seg.
I dag er det dåp av det 126,7 meter lange og 25 meter breie offshore konstruksjonsskipet Grand Canyon II. Dåpen skal skje ved Stornespiren i Ålesund, men før dåpen er det open båt for alle som vil sjå nærare på det Skipsteknisk-designa skipet.

Langsiktig avtale

Då vil ein mellom anna sjå at skipet har eigen kinosal, bibliotek, symjebasseng og høg kvalitet på det meste.
- Ja, det er snakk om dyre skip. Derfor var det også viktig at vi hadde ein langsiktig avtale i botn før vi bygde skipa, seier Syversen.
Skipet er innreidd for 104 personar, dekket er på heile 1600 kvadratmeter og skipet har ei 250 tonns offshorekran.

Qatar

Skipet er eit DP3-skip av typen ST 259 CD med doble sett av motorar og anna kritisk utstyr.
Det første skipet, Grand Canyon, vart levert frå Bergen Group til Volstad i 2012.
- Dette skipet er no i arbeide utanfor Qatar, seier Syversen.

Overtok kontraktene

Søsterskipa Grand Canyon II og Grand Canyon III skulle i utgangspunktet leverast frå Bergen Group Fosen i desember 2014 og andre kvartal 2015, men Bergen Group kvitta seg med kontraktene og inngjekk avtale med Kleven-konsernet om å ferdigstille skipa ved Myklebust Verft i Gursken.
Syversen seier at denne endringa har ført til litt forseinking, men at det ikkje har hatt store konsekvensar for selskapet.
- Vi er godt nøgde med arbeidet Myklebust Verft har utført.

Ingen gevinst

Kleven-direktør Ståle Rasmussen seier at det har vore store og krevjande prosjekt. Skipa er dei største som har vorte bygde ved Sande-verftet Myklebust.
Kleven har heller ikkje tent pengar på å overta utrustinga av dei to skipa, skip der skroga er bygde ved Daewoo sitt skipsverft i Romania.
- Vi går i balanse, men for oss var det uansett også viktig å hjelpe Volstad Maritime i ein vanskeleg situasjon. Vi har tidlegare bygd ein fiskebåt for Volstad Maritime, og vi har hatt ei langt og godt samarbide med Skipsteknisk.

Nordsjøen først

Dei tre søsterskipa har norske offiserer medan resten av det maritime mannskapet kjem frå Polen og Filippinane. Grand Canyon II skal etter planen starte med arbeid i Nordsjøen.
- Dette er det ikkje vi som handterer, men det ser ut til å verte Nordsjøen først, seier Syversen.

Skipsinvest inne

Sydvestor-selskapet Skipsinvest eig 34 % av eigarselskapet til Grand Canyon II KS. I tillegg eig Skipsinvest 25 % i Grand Canyon AS, selskapet som eig den båten som var levert i oktober 2012.
Finn Syversen seier at det ikkje er uvanleg å ha med andre aktørar på eigarsida.
- Dette har vi hatt på fleire av prosjekta. Mellom anna er Kristiansand-baserte Offshore Vessel Invest (OVI) inne på eigarsida i fleire av skipa.

Stå att litt

Etter planen skal Grand Canyon II forlate Myklebust Verft før påske.
- Dette kan verte litt utsett ettersom det er ein del justeringar som må gjerast og testar som må utførast, seier Syversen.
Canyon Offshore har operasjonar frå Singapore, Aberdeen og Houston, Texas. Selskapet er datterselskap til Houston-baserte Helix Energy Solutions Group.
Frå før har Canyon Offshore mellom anna skipa Deep Cygnus, Olympic Triton og Olympic Canyon - i tillegg til Grand Canyon.
I tillegg til dei tre Grand Canyon-skipa, har Volstad Maritime eigarskapet til skipa Geo Caspian, Deep Cygnus, Ocean Endevaour, Volantis, Bibbi Topaz, Geco Bluefin og Tau.
Ja, det er snakk om dyre skip

Publisert: 21.03.2015 06:30

Sist oppdatert: 23.08.2022 12:27