Haava inn rekordkontrakt offshore
REKORDAVTALE: Rørystem frå Hydra Pipe skal installerast på ein offshoreinstallasjon til Aibel. Roy Kråkøy (f.v.), Bjørn Tore Karlsen og Morten Hatledal har vore mest involvert i prosjektet frå Ålesund-bedrifta. 
Nytt

Håva inn rekordkontrakt offshore

–  Dette er ei milepåle for oss, seier Hydra Pipe-sjefen etter å ha signert si største kontrakt.

Marius Rosbach
06.07.2020
Det ti år gamle selskapet Hydra Pipe signerte kontrakten for ei leveranse av Pyplok-systemet på røyrinstallasjonar til storkonsernet Aibel.
Administrerande direktør Morten Hatledal får ikkje lov å fortelje kontraktsverdien, men kan fortelje at avtalen er den største nokon gong for selskapet med 28 tilsette.
– Dette er ei milepåle for oss, og ei svært viktig kontrakt som vi har jobba lenge med, fortel Hatledal til NETT NO.

Går raskt å montere

Systemet frå ålesundsbedrifta skal nyttast på ein større installasjon offshore. Noko av fordelen med røyrsystemet er monteringsmetoden. Det gjerast ved hjelp av eit handheldt verktøy som nyttar luft, men ein kan også nytte andre type pumper.
– Det blir montert på ei ny måte, utan skruing, berre krimping. Det tek ein tidel av tida som ved konvensjonelle metodar, forklarar Hatledal.
Det er også ei miljøvennleg løysing ved at det ikkje kjem olje i sjøen. Hatledal fortel at dei har jobba saman med Aibel i Bergen med prosjektet og laga tilrettelagde løysingar.

Auke i omsetninga siste åra

Hydra Pipe ble etablert i 2010 av grundere som har jobbet i bransjen i 20-30 år. Dei økte omsetninga kraftig i 2018 til meir enn 90 millionar. Driftsresultatet på drygt fem millionar var det beste etter fleire tøffe år.
2019-tala er ikkje levert enno, men selskapet haldt omsetninga om lag på nivå med dei siste åra.
– 2019 blei eit greitt – men tøft år, seier Hatledal om resultatet førebels.
Hydra Pipe driv også med sal og prefabrikkering av røyr og hydraulikk. I tillegg til hovudkontor i Ålesund, har dei avdelingar i Trondheim, Bergen og Skedsmo.

Les også:


Det blir montert på ei ny måte, utan skruing, berre krimping. Det tek ein tidel av tida som ved konvensjonelle metodar

Publisert: 06.07.2020 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59