Haapar snart aa ha jobb til minst 1000 paa Kleven
SAMDE: Fredag kunne Kleven endeleg invitere sin nye eigar til verftet. Frå venstre: Kleven-direktør Kjetil Bollestad, rådgjevar og «chief business officer» Zoran Kunkera, DIV Group-eigar Tomislav Debeljak og finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven.
Nytt

Håpar snart å ha jobb til minst 1000 på Kleven

Den nye eigaren til Kleven har fleire cruiseprosjekt i ordreboka, som truleg vil hamne hos verftet. DIV Group-sjefen vil også ta ei aktiv rolle i den maritime klynga. 

Marius Rosbach
06.03.2020
Då den nye Kleven-eigaren Tomislav Debeljak møtte pressa ved verftet fredag, er han ope om kva prosjekt dei jobbar med.
Verftet har vore trua av konkurs og vore nøydd til å seie opp mange tilsette dei siste åra. No kan dei truleg sjå fram til langt meir å gjere i tida framover.

Les også:


Målet er minst 1000 i jobb

Mellom anna har Debeljak tru på at eit større cruiseprosjekt ville hamne hos Kleven og gi god vekst i tilsette på litt sikt.
– Vi har nokre gode prosjekt i ordreboka og eg trur at vi innan 2022 vil ha behov for kring 1000 arbeidarar her på verftet, sa han.
Debeljaks rådgjevar og «chief business officer» i konsernet, Zoran Kunkera, påpeika at det kjem an på korleis ordresituasjonen utviklar seg: – Målet er uansett at vi skal vere 1000 arbeidarar på verftet i 2022 – og kanskje fleire, understrekar han.
Kleven-direktør Kjetil Bollestad skyt inn at ikkje alle desse vil vere fast tilsette på verftet, og at ein del vil vere innleigd. For tida er dei kring 200 tilsette ved verftet i tillegg til 250 i Kleven Maritime Contracting – med andre ord kring 450 til saman.

Satsar på cruise

Debeljak fortel at dei også har fleire andre prosjekt i ordreboka som er interessante for Kleven. Den nye Kleven-eigaren påpeiker at konsernet vil ha stor bredde i erfaringa med å bygge ulike typar skip. Men i første rekke vil dei satse på å bygge fleire cruiseskip på Kleven.

– Vi har fleire intensjonsavtalar på cruiseskip i medium storleik som kan passe Kleven, seier Debeljak.
Finansdirektør Ola Beinnes Fosse ved Kleven fortel at det er nokre mindre jobbar dei kan utveksle mellom verfta, slik at alle partar kjem seg godt gjennom 2020.
– DIV Group har også eit eige reiarlag. Om vi ikkje får nye prosjekt på plass, så kjem dei med arbeid hit, slik at vi held på kompetansen og dei folka vi treng, seier verftsdirektør Kjetil Bollestad.

Gunstig med norsk finansiering

Debeljak legg ikkje skjul på at dei norske finansieringsordningane for skipsbygging, er noko av bakgrunnen for at dei meiner Kleven er eit godt kjøp. I tillegg til at dei som verftseigarar i Norge kan nytte seg av finansiering via Eksportkreditt og GIEK, er rentenivået i Kroatia tre gonger høgare enn i Norge.
– Vi kjem til å legge større prosjekt til Kleven. Det er litt dyrare å bygge her, men fordi finansieringa er gunstig, gir det oss ein fordel alt i alt, seier han.

Ser verdien av ei sterk klynge

Den kroatiske industrieigaren vil også ta ei aktiv rolle i den maritime klynga, og ser verdien av samarbeid mellom dei lokale bedriftene.
– For eit skipsverft er det viktig å ta ei leiande rolle i eit slikt clüster som ein har her. Ein må vere pro-aktive slik at alle tener pengar, og ikkje berre nokre. Vi vil ta ei leiande rolle i dette lokalsamfunnet av skipsbyggjarar, seier han.
Debeljak reiser frå Sunnmøre allereie laurdag, men han reknar med å vere ein del på Sunnmøre den komande tida.
– Den neste tida vil eg truleg vere her om lag ei veke kvar månad, avsluttar han.

Meir om saka:






 For eit skipsverft er det viktig å ta ei leiande rolle i eit slikt clüster som ein har her.

Publisert: 06.03.2020 19:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54