Haapar paa vekst med ny eigar
NYTT SKIFTE: Sveinung Hellem og kollegaene i fiskoljefabrikken i Brattvåg vonar det siste eigarskiftet skal gi meir jobb. 
Nytt

Håpar på vekst med ny eigar

Knappe to år etter førre eigarskifte er det på an igjen for dei tilsette hos fiskolje-produsenten i Brattvåg.

11.10.2016
Vinteren 2015 tok storkunden Marine Ingredients over fiskolje-fabrikken i Brattvåg etter det internasjonale BASF-konsernet.

No slår amerikanske Marine Ingredients seg saman med tyske KD Pharma. Det fusjonerte selskapet blir den nye eigaren av dotterselskapet og anlegget i Brattvåg, skriv avisa Nordre.
Selskapet blir eitt av dei største i verda i omega 3-marknaden.

Vil sprenge kapasiteten

Dagleg leiar Sveinung Hellem i Marine Ingredients as seier til NETT NO at han vonar fusjonen skal gi meir å gjere i Brattvåg, så mykje at kapasiteten blir sprengt og selskapet må investere i auka kapasitet.
KD Pharma lagar mellom anna medisinske produkt der omega 3 er ein del av innhaldet, men har og satsa på kosttilskotsmarknaden, der Marine Ingredients allereie er ein stor aktør.
KD Pharma er allereie kjøpar fiskolje frå Brattvåg, og samanslåinga vil gjere at leveransane for Brattvåg vil auke, håpar Hellem.

48 tilsette

Fabrikken i Brattvåg har i dag 48 tilsette og foredlar fiskolje for direktesal til forbrukarar eller til vidaresal for andre, som foredlar oljen enda eit hakk, slik KD Pharma gjer.
Selskapet hadde 129 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot før skatt på 7,4 millionar kroner i fjor.
Eigaren bak Marine Ingredients-konsernet er Olav Sandnes, utflytt nordmann som bur i USA.
Marine Ingredients har spesialisert seg på omega 3-produkt, mellom anna i kapslar, til amerikanske forbrukarar. Hovudkontoret er i Mount Bethel

,

vest for New York.
Firmaet har vore i omega 3-bransjen sidan 1984.
KD Pharma er eit privateigd tysk selskap grunnlagt i 1988 og i omega 3-bransjen sidan 1990.


Publisert: 11.10.2016 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01