Haapar paa ny drift alt i mai
SJØMAT: Trass ein serie med utfordringar, trur Edgar Sandanger på ny drift ved Sunsea på Moltu allereie i mai.
Nytt

Håpar på ny drift alt i mai

Han har vore i konflikt med kreditorar og Mattilsynet, men no ser Edgar Sandanger lysning.

23.04.2018
- Om det går slik eg trur og håpar, vert her ny produksjon allereie i mai.
Fire selskap har levert konkurskrav til selskapet Sunsea Seafood etter at dei har uteståande totalt 18 millionar kroner. Bak kravet står fiskeseljarane Platina Seafood på Stranda, North Sea Seafood i Bergen, Kjellsea i Florø og Selected Seafood i Måløy.

Vil selje pelagisk fabrikk

Dei fire har sagt nei til ei frivillig betalingsløysing, og Sandanger seier at ein difor ikkje er i mål med ei løysing for Sunsea Seafood endå.
- Vi er no opne for å selje heile den pelagiske fabrikken, ein fabrikk som har stått ubrukt sidan 2013.
- Vi er også opne for å selje kaier og anlegg saman med den pelagiske delen.
I tillegg er selskapet på jakt etter nye investorar.
- Vi er i dialog med fleire som kan tenke seg å investere i selskapet.

45 utan arbeid

Medan tautrekkinga pågår, er anlegget på Moltu stengt, og rundt 45 tilsette utan arbeid.
Sunsea Seafood er i dag eit salsselskap, der Edgar Sandanger og familien eig rundt 80 prosent.
Sunsea Seafood gjekk i 2016 med 0,8 millionar i minus etter ei omsetning på 172,6 millionar kroner. Selskapet har tidlegare hatt gode resultat etter oppstarten i 2013.
Derimot har pelagisk avdeling heile perioden belasta selskapet med kostnader på 3,5 - 4,0 millionar kroner årleg.

Fleire trapsår

Men dei største problema knyter seg til drifts- og produksjonsselskapet Sunsea. Her viser 2016-tala eit resultat før skatt på minus 10,1 millionar kroner av ei omsetning på 80 millionar. Også dei fire føregåande åra var det tap.
Sandanger seier at årsresultatet er negativt påverka av tilbakeføring av skatteposisjonar og ikkje minst kontinuerleg stigande lakseprisar med nær dobling på eitt år.
Edgar Sandanger og familien har aksjemajoriteten også i dette selskapet, som siste åra i stor grad har drive med foredling av laks, og spesielt røykt laks.
- På anlegget har vi eit filet- og porsjonseringsanlegg med ein kapasitet på 40-50 tonn i døgnet. Vi har ein full pelagisk fabrikk med ein kapasitet på 40 tonn i timen, derav 20 tonn filet, og vi har eit røykeri som kan ta 8-10 tonn i døgnet.
- Men for å finne ei løysing på dei økonomiske problema, er vi no opne for å selje utstyr, og eventuelt også bygg og kaier, seier Sandanger, som opplyser at bygget kan delast og seljast med leigeavtalar.
- Taksert verdi er frå 28 til 46 millionar.

Mattilsyn-pålegg

Anlegget har vore stengt sidan nyttår, og var i perioder også stengt i fjor, då etter pålegg frå Mattilsynet.
Sandanger opplyser at stenginga frå august 2017 skuldast strid rundt eit parti fisk frå Danmark som Sunsea skulle foredle, og der partane mellom anna stridest om kven som hadde ansvaret for konsekvensane av at fisken ikkje var forskriftsmessig avliva.
- Vi har saksøkt det danske selskapet og krevd erstatning, men vårt krav er så langt avvist, seier Sandanger.
Han rosar dei tilsette, og opplyser at det er inngått avtale om tilbakebetaling av uteståande løn.
- Dei fleste av våre tilsette har arbeidd her sidan 2008, og slik eg forstår er dei fleste klare til å starte på nytt. Men på grunn av stenginga, har nokre av dei sett seg om etter jobb andre stader.

Vil bidra med kapital

Sandanger har arbeidd i sjømatbransjen i snart 30 år, og han seier at han slett ikkje har tenkt å gi seg, sjølv om problema no tårna seg opp.
Han tek også sjølvkritikk på at han av og til har sett litt vel hardt mot hardt i forhandlingar, i tillegg at han ser at det er lite føremålstenleg å vere i konflikt med Mattilsynet.
- Men saka er at her er eit svært godt anlegg, som det er satsa svært mykje pengar på å oppgradere. Både eg og mange av dei andre eigarane er no villige til å bidra med meir pengar for å få drifta i gang igjen.
- Eg har god tru på at vi vil lukkast, og at her snart er god aktivitet igjen.
Både eg og mange av dei andre eigarane er no villige til å bidra med meir pengar for å få drifta i gang igjen

Publisert: 23.04.2018 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21