Haapar paa nesten dobling av Fjord 1 verdi
NY USEMJE?: Styreleiar Per Sævik i Havilafjord og fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane fylkeskommune har ikkje samanfallande vurdering av korleis opsjonavtalen som gir Havilafjord rett til å kjøpe resten av fylkeskommunen sitt eigarskap i Fjord 1 skal forståast.
Nytt

Håpar på nesten dobling av Fjord 1-verdi

Då Torghatten og Havilafjord konkurrerte om kontrollen i Fjord 1 vart selskapet verdsett til 1,8 milliardar kroner. Ved børsnotering er målet ein pris mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner.

24.04.2017
Fearnley Securities og Sparebank 1 Markets har fått jobben med å få ferjereiarlaget børsnotert.
Storaksjonæren Havilafjord vil selje ut inntil 49 prosent av aksjane i selskapet. Om alt går unna vil dei som kjøper tilsaman eige 49 prosent av aksjane i Fjord 1.

Dei to meklarhusa starta jobben med å få investorar til å satse på ferjeselskapet klokka åtte i dag tidleg, mandag 24. april, og perioden for å teikne seg for kjøp varer fram til og med 4. mai.
Meklarane indikerer ein pris på mellom 32 og 35 kroner pr. aksje, som verdset heile reiarlaget til mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner. Med full klaff vil Havilafjord få 1,7 milliardar kroner inn i kassa.

Kjøper ut fylket

Ein del av pengane som kjem inn skal gå til å kjøpe ut den tidlegare majoritetseigaren Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Etter at striden om reiarlaget var avgjort i fjor auka Sævikfamiliens selskap Havilafjord eigarskapet i Fjord 1 frå 41 til 67 prosent, med rett til å kjøpe resten av aksjane - 33 prosent - frå Sogn og Fjordane fylkeskommune seinare. Den totale prisen Havilafjord skal betale for alle aksjane til fylkeskommunen er 1,065 milliardar kroner.
Les meir om striden rundt Fjord 1 under Relaterte saker
No vil Havilafjord løyse ut fylket, slik at selskapet vil sitte med minst 51 prosent eigarskap i eit børsnotert Fjord 1.

Usamde om lokalt eigarskap-klausul

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier det er ein avtale knytt til lokale eigarskap til aksjeposten på 33 prosent og at partane skal arbeide for å få lokale investorar på plass.
Styreleiar Per Sævik i Havilafjord seier selskapet var i kontakt med sju lokale investorar i fjor haust for å kartlegge interessa for eit lokalt medeigarskap. Ein var interessert, men det handla i så fall om eit par prosent, med rett til å selje attende til Havilafjord med på kjøpet.
- Vi for vår del meiner vi har gjort det vi skal gjere, seier Sævik.
Fylkeskommunen er ikkje formelt varsla om av Havilafjord vil utøve retten til å kjøpe alle aksjane. Det skjer eventuelt først etter at styret har vurderte interessa og tatt stilling til om Fjord 1 skal børsnoterast.

Betre lønsemd

Fjord 1 har auka lønsemda vesentleg dei siste åra, og 2016 blei det mest lønsame selskapet har hatt.

Resultatet før skatt auka frå 212 millionar kroner i 2015 til 504 millionar kroner i 2016. Driftsinntektene steig frå 2,2 til 2,4 milliardar kroner.
Sævikfamiliens selskap Havila Holding, som eig Fjord 1-aksjonær Havilafjord, eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.


Publisert: 24.04.2017 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08