Haapar paa hydrogenstart neste sommar
INGEN ULEMPE: Statens vevesen sitt hydrogenferje-prosjekt stoppar i Fiskestrand Holding si satsing på å utvikle ei hydrogenferje seier Rolf Fiskerstrand. 
Nytt

Håpar på hydrogenstart neste sommar

Neste år håpar Rolf Fiskerstrand på byggestart for ombygging av ei dieselferje til hydrogenferje. 

21.05.2018
Statens vegvesen lanserte førre veke sitt eige prosjekt for å få utvikla ei ferje som kan gå på hydrogen. Tre ferjereiarlag konkurrerer om å få utvikla ferja, som skal gå i trafikk i Ryfylke. Det stoppar ikkje hydrogensatsinga til Fiskerstrand Holding. Rolf Fiskerstrand trur tvert i mot det kan gi ekstra drahjelp.

- Det (Staten vegvesen sitt prosjekt, red. merk) kjem seinare enn vårt. Får vi til vårt prosjekt og kan bekrefte at det funkar så er det positivt inn mot prosjektet i Rogaland, seier Fiskerstrand

Ombygging

Fiskerstrand Holding, eigarselskapet til Fiskerstrand Verft, står i spissen for ei hydrogensatsing der ei ferje skal byggast om for å bruke hydrogen som drivstoff.
- Vi er godt i gang med det tekniske arbeider og neste år bør det vere mogleg å starte ombygginga, seier Fiskerstrand.

Fiskerstrand Holding har eit rekkje partnarar i utviklingsprosjektet, mellom dei Sjøfartsdirektoratet, Direktoratat for samfunnssikkerhet og beredskap, Dnv GL og NEL og Hexagon Composites. NEL lagar mellom anna anlegg for hydrogenproduksjon og fyllestasjonar for hydrogendrivne køyrety og Hexagon Composites - med hovudkontor i Ålesund - lagar mellom anna drivstofftankar for hydrogen.

Pilot E-prosjekt

Planen er å teste ferja i eit ferjesamband i løpet av 2020.
Fiskerstrand Holding var ei av fem bedrifter som i 2016 delte på til saman 70 millionar kroner i støtte til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart. Det er Enova, Innovasjon Noreg og Forskningsrådet som har gått saman om satsinga, som har fått namnet Pilot-E.
Fiskerstrand Holding fekk støtte for å finansiere utvikling av den hydrogendrivne ferjar.

Publisert: 21.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22