Haapar framleis paa pluss i 2020
HAR TRUA: Styreleiar Tore Ulstein i Ulstein Group har ikkje gitt opp håpet om at konsernet går med pluss i 2020.
Nytt

Håpar framleis på pluss i 2020

Før koronakrisa venta Ulstein Group-konsernet overskot i år, etter fem år i minus. Dei har framleis trua.

01.10.2020
Denne artikkelen blei publisert 08:27. Den er oppdatert 12:30 med ein kommentar frå Tore Ulstein:
Frå og med 2015 til og med 2019 er resultatet før skatt for Ulstein Group ASA tilsaman minus 1,6 milliardar kroner. I fjor blei resultatet før skatt minus 262 millionar kroner, men før koronakrisa kom i år rekna dei med plussresultat i 2020. Det skriv administrerande direktør Gunvor Ulstein og viseadministrerande direktør Tore Ulstein årsmeldinga til Ulstein Group ASA.
- Vi er optimistar og jobbar ut frå svarte tal, seier han til NETT NO under torsdag.
Samstundes understrekar han uvissa som koronaepidemien har skapt, mellom anna om kor store kostnadar epdidemien og tiltaka mot den påfører konsernet.

545 tilsette

Ulstein Group omfattar mellom anna skipsbygging i datterselskapet Ulstein Verft og skipsdesign og utstyrsproduksjon i fleire datterselskap. Konsernet hadde 545 tilsette ved utløpet av 2019.
Koronakrisa råka Ulstein Group sine nye kundar i cruise og den kombinerte passasjer/frakt-marknaden, like hardt som kundane blant offshoreiarlaga ble råka av oljeprisfallet i 2014/2015, skriv Gunvor og Tore Ulstein i årsrapporten.
I tillegg har lav oljepris gått ut over etterspørselen etter skipsbygging og skipsdesign. Med koronakrisa har situasjonen blitt meir utfordrande, skriv dei.

175,3 i minus på verftet

Det er resultatet frå datterselskapet Ulstein Verft som bidrar mest til underskotet i fjor. Ulstein Verft hadde 175 millionar kroner i underskot etter skatt, i følgje årsmeldinga til Ulstein Group Sjå resultat-tabell til høgre - på mobil finn du nederst på sida.
Reknskapen for Ulstein Verft er ikkje tilgjengleg i Brønnøysundregisteret enno.
I åra dei seks åra 2008-2013 hadde Ulstein Verft eit resultat etter skatt på til saman pluss 941 millionar kroner. Frå og med 2014 til og med 2019 er resultatet etter skatt til saman minus 496 millionar.

Ulsmo størst

Styret i Ulstein Group skriv at det vurderer eigenkapitalen for konsernet som "tilfredsstillende, men erkjenner at det å etablerer seg i nye segmenter har tatt tid og at situasjonen fortsatt er krevende".
Ulstein Group har ei rekkje eigarar, med Ulsmo as (63,9 prosent) som den klart største. Nest største eigar, Dalseth Invest as, eig 3,4 prosent av aksjane.
Ulsmo er eigd av dei fem Ulstein-syskena Ingerid, Gunvor, Tore, Vegard og Idar Marius Ulstein og deira familiar.

Etter at årsrapporten for 2019 blei signert har Tore Ulstein gått av som viseadministrerande direktør. Han er framleis styreleiar i Ulstein Group.

Vi er optimistar og jobbar ut frå svarte tal

Publisert: 01.10.2020 17:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03