Haapar aa halde oppe framdrifta av skipstunnelen
POSITIV: Samferdsleminister Jon Georg Dale gir positive signal om Stad skipstunnel etter den nye rapporten frå Kystverket. 
Nytt

Håpar å halde oppe framdrifta av skipstunnelen

Samferdsleministeren lovar ingenting, men kjem med positive signal etter at prisen på Stad skipstunnel er kutta kraftig.

Marius Rosbach
18.06.2019
Måndag vart det kjent at prisen for å bygge Stad skipstunnel er enn tidlegare.
Prosjektet er inne i Nasjonal Transportplan (NTP), men samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) bad i fjor om at (KS2) meinte ein trengde meir enn fire milliardar kroner for å gjennomføre prosjektet.
Dermed måtte tunnelen ut på utgreiing som skal ha vore den 21. i rekka.
– Stad skipstunell er eit viktig prosjekt som er prioritert i nasjonal transportplan. KS2 viste vesentleg høgare kostnad enn det som låg til grunn i NTP. Eg sette difor i gang eit arbeid for å få redusert kostnadane i prosjektet. Dette har no Kystverket levert, uttaler Dal til NETT.NO via kommunikasjonsavdelinga.
Det var i helga Kystverket overleverte dei to rapportane som saman viser at det er mogleg å bygge tunnelen for 2,8 milliardar rekna i 2018-kroner.

Håpar å halde oppe framdrifta

Sjølve byggekostnadene utgjer den største reduksjonen med 630 millionar. I tillegg er det for første gong talfesta kor mykje redusert bruk av drivstoff og kva for miljøgevinst ein kan oppnå.
Pådrivargruppa for Stad skipstunnel i haust. Samferdsleministeren sjølv er forsiktig med å love noko konkret no fire månader før forslaget til neste års statsbudsjett kjem på bordet.
– Departementet vil med ein gong gå inn i denne rapporten, og deretter kome tilbake til vidare framdrift. Stad skipstunell er eit spanande prosjekt som kan gi gode synergiar. Eg håper denne rapporten skal gi oss tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag til å halde oppe framdrifta i prosjektet, seier han.
Les meir:

Kan vere klar til 2025

I rapporten vert det vist til ein tidsplan som gjer at skipstunnelen kan takast i bruk i 2025. Det er skissert ei investeringsavgjerd i 2020 og byggestart i 2021, slik at ein kan verte ferdig i løpet av 2024.
Kystverket treng to år til å førebu byggestart, gjere grunnerverv, arkeologiske utgravingar, kontrahering og etablering av organisasjonen.
Ifølgje Kystverket vil dei nye løysingane ikkje påverke dimensjonar, funksjonalitet, kapasitet eller tryggleik.

Publisert: 18.06.2019 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36