Gunvor Ulstein gaar av som konsernsjef
FERDIG SOM KONSERNSJEF: I løpet av kort tid er både Gunvor og Tore Ulstein ute av konsernleiinga. Cathrine Kristiseter Marti (innfelt) skal leie Ulstein Group framover. 
Nytt

Gunvor Ulstein går av som konsernsjef

Finansdirektøren tek over leiinga av Ulstein Group.

Marius Rosbach
13.10.2020
Etter nesten 22 år i stillinga går Gunvor Ulstein av som konsernsjef i Ulstein Group, opplyser konsernet i ei tysdag.
– Ulstein er eit familieeigd selskap. Når eg no har valt å gå ut av den operative rolla, vil eg i kraft av styreleiarrolla i Ulsmo, og saman med styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, konsentrere meg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa, seier ho i ei pressemelding.
Cathrine Kristiseter Marti er tilsett som ny konsernsjef i Ulstein Group. Ho kjem frå stillinga som finansdirektør i konsernet, ei rolle ho har hatt dei siste seks åra.

Held fram som styreleiar

Gunvor Ulstein skal halde fram som styreleiar i familieselskapet Ulsmo – som også er største eigar i Ulstein Group. Ho har også fleire styreverv i ulike Ulstein-selskap. Ho forsikrar at engasjementet hennar for Ulstein, ikkje vil vere mindre som følgje av den nye rolla.
– Vi har alltid tilpassa konsernet etter marknaden, og det skal vi gjennom kontinuerleg omstilling og utvikling fortsette å gjere. Etter at vi tok oss gjennom omstillinga frå olje og gass og over i nye segment, sette Covid-19 oss på ny prøve. Dette gjeld alle verksemder uansett næring. Vi har tilpassa oss ein ny kvardag og stadig endra regelverk, og det må vi rekne med å fortsette med inntil ei vaksine er på plass, seier ho vidare i pressemeldinga.

Begge søskena ute på kort tid

Dermed har både Tore og Gunvor Ulstein på kort tid gått ut av den operative leiinga i konsernet. Tore Ulstein at han vil halde fram som styreleiar i Ulstein Group, men samtidig vie meir merksemd til mellom anna vervet som styreleiar i i Norce – Norwegian Research Centre.
Begge Ulstein-søskena seier dei er svært glade for at finansdirektør Cathrine Kristiseter Marti har teke på seg jobben med å leie konsernet vidare.
Ho har vore finansdirektør i Ulstein Group i seks år og har ein master i økonomi. Ho har jobba i den maritime næringa heile yrkeskarrieren, og har mellom anna i Höegh Autoliners og DnB Shipping & Offshore før ho kom til Ulstein. Marti startar i jobben 2. november.

Håpar på overskott

Skipsbyggjarkonsernet har fleire tunge år bak seg, og , vart eit nytt år med store minustal.
Då koronapandemien slo til, låg konsernet an til sitt første overskott sidan 2014. Tore Ulstein uttalte nyleg at dei ikkje hadde gitt opp håpet om eit plussresultat ved slutten av året.
– Vi er optimistar og jobbar ut frå svarte tal, då han og Gunvor nyleg tok i mot næringsminister Iselin Nybø i Ulsteinvik.

Les også:




Tore Ulstein:


Publisert: 13.10.2020 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03