Gullaar i oppdrett
REKORD: 2016 blei eit gullår for dei som driv oppdrett av laks og regnbogeaure. 
Nytt

Gullår i oppdrett

Rekordmarginar for norske lakseoppdrettarar i 2016.

10.08.2017
NPK: 2016 blei eit økonomisk gullår for norske produsentar av laks og regnbogeaure. Gjennomsnittleg driftsmargin var 36,3 prosent for norske lakseprodusentar i fjor.
2016 blei eit økonomisk gullår for norske produsentar av laks og regnbogeaure. Gjennomsnittleg driftsmargin gjekk opp frå 19,4 prosent i 2015 til 36,3 prosent i 2016. Men høge kostnader trugar lønsemda, heiter det i ei pressemelding frå Fiskeridirektoratet.

Slo gamle rekordar

– Ein driftsmargin på 36,6 prosent er den høgste gjennomsnittlege driftsmarginen vi har registrert sidan lønsemdsundersøkinga starta i 1982. Kun to gonger tidlegare har vi registrert gjennomsnittleg driftsmargin på over 30 prosent, i 2006 og 2010, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord i pressemeldinga.
Årsaka til auke i gjennomsnittleg driftsmargin er høg salspris per kilo. Gjennomsnittleg salspris per kilo seld laks var 50,97 kroner i 2016, ein auke på heile 47 prosent samanlikna med 2015. Gjennomsnittleg salspris per kilo seld regnbogeaure auka med nesten 57 prosent frå 2015 til 2016, og var i gjennomsnitt 48,22 kroner i 2016.

Kostnadane aukar

Trass i eit svært godt økonomisk resultat i 2016 viser reknskapstala at kostnadsnivået er aukande og høgt. Næringa er dermed i aukande grad prisgitt høge lakseprisar for å oppnå god forteneste.
– Vi har sett ein auke i produksjonskostnadene dei siste åra. Gjennomsnittleg produksjonskostnad pr. kilo var på sitt lågaste i 2005, seier Holmefjord.
Tala er ikkje endelege. Utrekningane er basert på 63,1 prosent av alle kommersielle løyve i drift med matfiskproduksjon av laks og regnbogeaure i 2016.

Publisert: 10.08.2017 12:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12