Grunnlaget for offshorekrisa lagt alt fraa 2008 2009
JUBEL: Arbeidsleiar Tor Gunnar Eriksen hos Kleven jublar over både kake og gigantkontrakt med Maersk Supply Service i oktober 2014, den største nybyggingskontrakta som blei inngått før offshorreiarane sette bremsene på.
Nytt

Grunnlaget for offshorekrisa lagt alt frå 2008/2009

Offshore-industrien burde trakka på bremsen ved utgangen av 2008 om den skulle unngått overkapasiteten som bransjen lir under i dag. I staden gav den full gass.

16.06.2017
Frå og med 2008 og fram til no er det bestilt 2300 offshoreskip.
Det tilsvarar 30 prosent av alle offshorefarty i verda, og utgjer omlag den ekstra kapasiteten som gjer ratene lave.
Det er Per Olaf Brett og hans kollegaer i i Ulstein Group som har berekna kor langt tilbake vi må for å finne ut når kontraheringane burde stoppe om dagens overkapasitet i offshoreflåten skulle vere unngått
Svaret overraska også Brett: Året er 2008.

Illustrerande reknestykke

Reknestykket er først og fremst ein illustrasjon av kor djupt problema for offshoreflåten stikk og kor langt tilbake vi må gå for å finne ut når grunnlaget for dagens overkapasitet vart lagt.
Dersom vi går ut frå at overkapasiteten - målt i skip i opplag eller skip som er klar for arbeid ligg passive - "berre" er på 25 prosent, burde kontraheringane stoppa ved inngangen til 2010.
Men det var ingen som såg for seg det oljeprisfallet som skulle kome då, seier Brett.

Undervurderte finanskrisa

I dag meiner Brett konsekvensen av både finanskrisa i 2008/2009 og økonomikrisa som kom etterpå framleis heng ved oss. Også kostnadsveksten i oljeutvinninga og fallande lønsemd hos oljeselskapa blei undervurdert. Det var faresignal som kom før oljeprisen fall.
I 2008 vart det bestilt 355 nye offshoreskip. I 2009 fall kontraheringane til 179, før det tok seg opp til toppen på 415 farty i 2013. Reiarane var ikke åleine om å investere. Frå 2010 til toppåret 2013 steig dei årlege investeringane på norsk sokkel frå litt over 100 milliardar til litt over 180 milliardar kroner i følgje Oljedirektoratet. I år er prognosen investeringar på 121 milliardar kroner. Botnen blir nådd neste år, med 114 milliardar, før det vil stige til over 120 milliardar i åra 2019-2021.
I 2014 starta oljeprisfallet.
I fjor vart det bestilt 38 og så langt i år er det bestilt to, eitt av dei eit serviceskip for vindkraftindustrien til havs som skal byggast hos Ulstein Verft.

Prisfall på 40 prosent

Byggeboomen førte og til av verftskapasiteten auka. Medan norske verft i stor grad har greidd å snu seg mot nye marknadar etter offshoreboomen, har under halvparten av verfta på verdsbasis fått nye oppdrag i løpet av 2016 og 2017. 39 prosent har ikkje oppdrag etter årskiftet, i følgje ein rapport frå skipsmeklarselskapet Clarkson Platou.
Brett meiner den internasjonale skipsbyggingsbransjen har ein overkapasitet på 20-30 prosent, trass i store konsolideringar. Ein konsekvens er prisfall. Nybyggingsprisane har relativt sett aldri vore så lave, og ligg 30-40 prosent under snittet i åra 2011-2014, i følgje Brett.

Publisert: 16.06.2017 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11