Grundig lei negativt cruisefokus
CRUISE: Adm. dir. Inge Tangerås i Cruise Norway etterlyser handling for å leggje tilhøva betre til rette lokalt for ein vekst i cruisetrafikken.
Nytt

Grundig lei negativt cruisefokus

Han ber lokale turistmyndigheiter ta grep for å leggje betre til rette for cruiseindustrien. Han er grundig lei negative presseoppslag.

07.11.2018
- Berre i sommar talde eg 170 krasse medieoppslag om cruisetrafikken i Norge.
- For få år tilbake vart cruiseskipa helsa med stor glede. No vert turistane møtte med mange fôrballar med negative kommentarar.
Det sa adm. dir. Inge Tangerås i Cruise Norway under Verftskonferansen i Ålesund onsdag.

Vil ha langsiktig strategi

Han meinte at i dag var det ei altfor defensiv haldning til å handtere ein vekst i cruistrafikken, som Tangerås meiner uansett vil kome.
- Kvar sommar er det no store medieoppslag om toalettproblem og andre utfordringar.
- Denne situasjonen må vi kome vekk frå, gjennom at alle involverte aktørar går saman og legg ein langsiktig strategi basert på fakta.
- I dag er det altfor mykje synsing, sa Tangerås.
Han meinte at eitt av dei store problema er dårlege hamneforhold.
- Mange av hamnene i Europa er ikkje bygde for å ta seg av store skip og handtere flytting av store passasjermengder på kort tid.
I 2018 er det 2168 cruiseanløp i Norge, med totalt 3,6 millionar dagsbsøkande.
I 2015 var talet 2,5 millionar.

355 anløp til Ålesund og Geiranger

Størst er Bergen, framfor Stavanger med Ålesund og Geiranger rett bak.
I Ålesund er det i år 165 cruiseanløp med 322.000 passasjerar, medan Geiranger har 190 anløp og 320.000 passasjerar.
Olden/Loen har på sin side 95 anløp.
Dei store cruiseselskapa har i dag i snitt i driftsmargin på mellom 10 og 12 prosent, og har dermed bra med kapital til nye investeringar.
Fram til 2020 er det planlagt bygging av 120 nye cruiseskip for totalt 600 milliardar kroner.
Snittpris per skip er dermed 5 millardar kroner, og i snitt skal kvart skip ta 2.500 passasjerar.

- Meir miljøvenlege

Tangerås ser for seg ein stor global vekst i cruisetrafikken, og viste til at cruiseskipa vert stadig meir miljøvenlege.
- 17 prosent av dei nye skipa vil ha gassframdrift.
- 82 prosent av dei nye skipa vil ha utsleppsreduserande reinseanlegg for eksos.
- Det er heller ikkje slik at røyken vi ser frå enkelte cruiseskip i fjordane innheld giftstoff, men kan vere damp frå eksosreinsesystemet.
Men Tangerås fastslo at det vert få cruiseskip til Verdsarvfjordane om det vert krav om nullutslepp.
- Nei, ingen skip kan klare slike krav no.

Sævik lova nullutslepp

Derimot lova Per Sævik i Havila Kystruten under konferansen at selskapet sine fire skip skal kunne gå utsleppsfritt i Geirangerfjorden frå 1. januar 2021.
Han viste til at kvart av skipa får om bord batteripakkar på 6,1 megawatt.
- Desse skipa skal kunne gå to timar på batteri i fjorten knops fart, og fire timar i ti knops fart.
Sævik sa at landstraum er ei utfordring for å kunne bruke meir batteri.
- Bergen har bygt ut, Trondheim er på veg, men det trengst fleire landstraumanlegg langs kysten.
Han meinte at strenge miljøkrav var ei mulgheit og ikkje ein trussel.
- Den som ikkje har miljøsatsing framover vil neppe vere ein del av vinnarlaget, sa Sævik.
Kvar sommar er det no store medieoppslag om toalettproblem og andre utfordringar

Publisert: 07.11.2018 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27