Granska trygdeskandalen Faa som har grunn til aa vere stolte
SKANDALE: Talet på urettvist døme for trygdesvindel kan auke, etter feil frå NAV si side.
Nytt

Granska trygdeskandalen: – Få som har grunn til å vere stolte

I årevis handheva både Nav, departementet og rettsvesenet EUs trygdereglar feil. Men korleis kunne det skje?

31.07.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: Dei som har granska skandalen, er ikkje nådige.
– Undersøkingane våre viser at det ikkje er mange som har noko særleg å vere stolte av i denne saka, seier leiaren av granskingsutvalet, jussprofessor Finn Arnesen, til NTB.
Det er gått nesten eitt år sidan alarmen gjekk i Nav og Arbeids- og sosialdepartementet om at personar i årevis kunne ha vorte uretteleg dømde for trygdesvindel. Saka har vorte omtala som «ein rettsskandale utan sidestykke» i Noreg.

Ingen reagerte

I november i fjor sette regjeringa ned eit utval for å få svar på kva som hadde skjedd og ikkje minst korleis det kunne skje. For i ei årrekkje var det ingen som fanga opp at kravet om at mottakarar av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar må opphalde seg i Noreg, er i strid med EØS-avtalen og EUs trygdeforordning.
Først då Trygderetten i 2017 i fleire dommar slo fast at Nav praktiserte regelverket feil, byrja ballen å rulle.
Tysdag blir rapporten frå utvalet overlevert til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Også Navs nye direktør Hans Christian Holte er til stades ved overleveringa.

Har ei forklaring

– Vi har jobba hardt og samvitsfullt med dette, seier Arnesen. Han legg til at utvalet har ei forklaring på årsakene til feilpraktiseringa og kvifor ho varte så lenge. Men nokre detaljar vil han ikkje røpe før rapporten ligg føre.
Frå fleire hald har det vore spekulert i om feilen har oppstått som følgje av eit politisk ønske eller signal om å hindre trygdeeksport.
– Vi har ikkje funne grunnlag for å gå ut frå at dette har vore ein medviten politikk. Det fokuset som har vore på trygdeeksport, har ikkje vore så relevant, fordi desse sakene eigentleg ikkje handlar om det, seier Arnesen.

Tilbake til 1994

I ein delrapport som vart lagd fram i mars, konkluderte eit samla utval med at feilpraktiseringa ikkje berre har skjedd etter 2012, då EUs nye trygdeforordning tredde i kraft, men strekkjer seg heilt tilbake til 1994, då Noreg vart medlem av EØS.
– Sidan vi meiner det har vorte gjort feil, har vi sett på korleis departementet, Nav og rettsvesenet har handtert slike saker sidan 1994. Vi har ikkje gått inn i enkeltsaker, men vi kan ikkje sjå bort frå at dei finst, seier Arnesen.
Det kan tyde at talet som er dømde for trygdesvindel på urett grunnlag, kan auke. Til no gjeld det minst 85 personar, og 48 har vorte dømde til fengsel utan vilkår. I tillegg har rundt 1.100 personar uretteleg fått krav om tilbakebetaling av utbetalte ytingar.
Behandlinga av saker som gjeld perioden før 1. juni 2012, er likevel sett på vent inntil det ligg føre ei fråsegn frå EFTA-domstolen om kva grupper som kan vere ramma, opplyser Nav til NTB.

Sterk kritikk

Då Stortinget debatterte saka i byrjinga av mars, retta opposisjonen sterk kritikk mot statsminister Erna Solberg (H) og heile regjeringa for handteringa av skandalen. Anniken Hauglie (H), som var arbeids- og sosialminister då saka eksploderte, hadde det på tidspunkt gått av. Alarmen burde gått langt tidlegare i departementet hennar, meinte opposisjonen.
I året som har gått, har det kome fram at Nav allereie i februar i fjor visste at folk kunne ha vorte dømde på urett grunnlag. Likevel fall den siste dommen så seint som i september i fjor.
Også Røe Isaksen, som overtok ministerposten etter Hauglie i januar, har slått fast at feilen burde vore fanga opp langt tidlegare.
– Dette vil ein nok kunne lese ut av rapporten vår òg, kommenterer Arnesen.

– Ikkje medviten politikk

Utgreiinga er likevel ikkje samrøystes. Mellom anna har utvalet delt seg i spørsmålet om det er lov til å kjøpe tenester i andre EØS-land, dersom ein får trygdeytingar som sjukepengar i Noreg.
– Ei usemje om jussen vil jo uvegerleg farge vurderingane av kva som har skjedd, seier Arnesen.
Undersøkingane våre viser at det ikkje er mange som har noko særleg å vere stolte av i denne saka

Publisert: 31.07.2020 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00