Granit satsar paa merkevarebygging
MEIR TIL FORBRUKAR: Ola Inge Grønnevet seier reiarlaget vurderer om Granit kan produserer porsjonskutta filetstykke i forbrukarpakningar ombord.
Nytt

Granit satsar på merkevarebygging

Meir av fangsten til fabrikktrålaren Granit skal gå rett til forbrukar.

12.01.2018
I første omgang blir det forbrukarpakningar med Granit sine ferdigpakka frosne reker som dukkar opp i frysedisken. Kartongane med Granit-logoen på er allereie i produksjon, seier operasjonssjef Ola Inge Grønnevet.
Neste steg er å lanserer forbrukarpakka torsk. Selskapet vurderer og om det er råd å gjere heile produksjonen av forbrukarpakka torsk ombord. Det inneber at filetane blir kutta i prosjonsstykke og pakka i pakningar på inntil eit par kilo, tilpassa fryseskap.


- Vi ønskjer å vidareutvikle merkevara Granit, seier Grønnevet.

Ein fjerdepart

Grønnevet seier at berre ein liten del av fangsten til Granit blir produsert for å gå rett til forbrukar i dag. På lengre sikt er målet at forbrukarpakningar skal stå for omlag ein fjerdepart av driftsinntektene til skipet.
Granit blei levert frå Tersan Shipyard i Tyrkia i fjor. Den er eigd av selskapet Halstensen Granit, eit dotterselskap av Halstensen Holding i Bekkjarvik på Austevoll.
Halstensen Holding kjøpte Granit-reiarlaget frå familien Grønnevet på Vartdal i 2012.

Større distribusjon

I dag kan du lett få tak i fisk i kartongar med Granit-logoen på om du er i Bekkjarvik. Reiarlaget har og eit godt samarbeid med Brødrene Sperre som leverer forbrukarpakka fisk frå Granit under varemerker HAV til Rema på Nordvestlandet.
Grønnevet seier selskapet arbeider med å få ein større distribusjon for sitt eige varemerke.

Fisk og reke

Eitt av poenga med nybygget var å få ein båt som kunne drive effektivt fiske etter både fisk og reke. Båten har både filetproduksjon og ein fullverdig rekefabrikk, i tillegg til at alt restråstoffet blir tatt vare på.
– Båten vi skal skifte ut er snart 30 år, og på den tida har det skjedd ei teknologisk utvikling som vi gjerne vil ha med oss. Vi må ha ein ny båt for å få det til. I tillegg treng vi et breiar grunnlag for drifta. Vi har ein rekekonsesjon på båten som vi ikkje får utnytta skikkelig, men med det nye fartøyet kan vi få det til,

Publisert: 12.01.2018 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17