Gondolbanebygging i gang i Loen
LUFTIG: Her skal ei gondolferd med 1000 meter stiging opp til fjelltoppen i bakgrunnen starte. Målet er å vedta utbygging i mars.
Nytt

Gondolbanebygging i gang i Loen

Hotelldirektør Richard Grov er så sikker på at det blir gondolbane i Loen at han allereie har starta å grave litt.

08.01.2015
Like ved Hotel Alexandra i Loen er arbeidet med tomta til nedre stasjon på gondolbana til toppen av fjellet Hoven godt i gang.
Utbygginga til i alt 186 millionar kroner er ikkje vedteken enno, men Richard Grov, primus motor bak planane, reknar med at det blir eit vedtak i løpet av mars og at svaret då er ja.
- Den er relativt stor, seier han om sjansen for at arbeidet kjem i gang.

Tomta for nedre stasjon er uansett regulert for utbygging, og då skader det ikkje å vere i forkant, meiner Grov.

Restaurant på kanten av stupet

Målet er mellom å byggje ein restaurant på kanten av stupet på toppen av Hoven, dit gjestane kan fraktast opp med bana. Utbygginga skal opne fjellet for bruk både for turistar og tur- og skiløparar, og anlegget skal drivast året rundt.
40.000 reisande tur - retur er det som må til for å få investeringa til å gå i balanse, i følgje reknestykka Grov presenter for NETT NO i 2014.

- Vi har marknadsvurderingar som tilseier at vi skal klare det allereie første året, sa Grov.
Han reknar med at den planlagde utbygginga skal gi hotellet 5000 ekstra gjestedøgn i året. Det er ein auke på fem prosent i høve til gjennomsnittet dei siste åra.

Opp i kommunestyret

Nett no er framdrifta i prosjektet avhengig av to ting; kommunal behandling av reguleringsplanen for området og av at alle avtalane med grunneigarane fell på plass.
Fristen for å kome med synspunkt på regiuleringsplanen er nettopp gått ut, og Grov vonar kommunestyre kan ha sagt sitt i løpet av januar/februar, samtidig som avtalane med grunneigaren er endleg på plass. Utbygginga omfattar mellom anna også ein veg til topps, slik at det er mange grunneigarar som blir berørt.

Treng 20 millionar kroner til

Selskapet bak utbyggingsplanane heiter Sleipner Hoven Loen as. Der er Hotel Alexandra og Nordfjord Kjøtt 50/50 eigarar. Planen er at også kommunen skal inn som medeigar, men det er ikkje vedteke førebels, sjølv om dei politiske signala er positivet, slik Grov ser det.
Heile utbygginga er planlagt til 186 millionar kroner (før moms), og Grov anslår at det er trong for ein eigenkapital på rundt 80 millionar kroner for å finansiere utbygginga.
Ut over det dagens eigarar og kommunen skyt inn meiner Grov selskapet treng rundt 20 millionar kroner ekstra frå nye investorar for å få reist nok eigenkaptial. Han trur pengane kan hentast lokalt.
- Vi har eit lokalt næringsliv som har interesse av å bakke opp dette prosjektet, seier han.
Vi har eit lokalt næringsliv som har interesse  av å bakke opp dette prosjektet

Publisert: 08.01.2015 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40