Godtek ikkje svaret fraa departementet
HARAMSØYA: Olje- og energidepartementet avviser at konsesjonsvedtaket til Haram kraft er ugyldig, men Birgit Oline Kjerstad forventar meir konkrete svar på det Nei til vindkraft på Haramsøya meiner er sakshandsamingsfeil.
Nytt

Godtek ikkje svaret frå departementet

Departemetet avviser at vindkraftkonsesjonen på Haramsøya er ugyldig. Vindkraftmotstandarane ber om meir konkrete svar.

30.07.2020
NVE og Olje- og energidepartementet tilbakeviser at konsesjonen til Haram Kraft er ugyldig, slik Nei til vindkraft på Haramsøya hevdar i eit brev til statsråd Tina Bru (H).
I ein e-post til skriv Olje- og energidepartementet at det ikkje er grunnlag for å hevde at det ligg føre feil eller manglar i dei vedtaka som er fatta om Haram vindkraftverk og som er i strid med lovgivninga sine krav.
Det skriv kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen i Olje- og energidepartementet.

Avventar konkrete svar

Til lokalavisa seier leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad, at ho tolkar kommentarane frå OED og NVE som generelle uttalar og ikkje som svar på det konkrete innhaldet i brevet frå motstandsorganisasjonen.
– Det OED og NVE har kome med er generelle kommentarer. Brevet frå oss inneheld konkrete spørsmål, der vi har påvist sakshandsamingsfeil, og vi avventar konkret svar. Kommentaren som har kome er for generell til å vere svar på brevet vårt.
– Stortinget har sagt at dersom det er gjort sakshandsamingsfeil så skal forvaltningsorganet stoppe vedtaket. Vi meiner det er gjort feil og då forventar vi at det får følger. At departementet og NVE kommenterer på generelt grunnlag, før dei har hatt tid på å sjå grundig på saka, er som forventa, seier Kjerstad, til avisa.

Advokatbistand

Vindkraftmotstandarane på Haramsøya har hyrt inn advokat og varslar no rettslege steg mot departementet om utbygginga ikkje vert stoppa.
I eit brev til olje- og energidepartementet ved olje- og energiminister Tina Bru varslar advokat Mari Kjellevold Brygfjeld i advokatfirmaet DSA rettslege steg mot departementet om ikkje konsesjonsvedtaket for å byggje og drive vindkraftverk på Haramsøya fell bort.
På vegne av interesseorganisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya viser Kjellevold Brygfjeld til forvaltningslova om at dersom det vert avdekt feil eller manglar ved ein konsesjon, skal forvaltninga stanse vedtaket, og listar i brevet opp det ho meiner er ei rekkje sakshandsamingsfeil.

- Strir med folket si rettskjensle

Til Nordre seier Birgit Oline Kjerstad at det er ulik lovforståing mellom departementet, kommuner og folk flest, og at mykje av uroa rundt om i landet botnar i ein praksis og lovforståing i departementet som er i strid med folk sin rettskjensle.
– Det er stilt strenge grunngitte milkjøkrav til andre utbyggarar, og så kjem vindkraftutbyggarane og får løyve til nesten kva som helst.
Ho håper å unngå rettssak, men seier at ein førebur seg.
– Konsekvensen av NVE sine vedtak er stor for lokalsamfunn og natur. Det som skjer no er ein konsekvens av ein praksis som ikkje er forankra i folket, seier ho til
Det er stilt strenge grunngitte milkjøkrav til andre utbyggarar, og så kjem vindkraftutbyggarane og får løyve til nesten kva som helst

Publisert: 30.07.2020 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00