Godt fiskeriaar Gollenes knuste rekorden
EVENTYRLEG: Christian Holm har hatt eit eventyrleg år som mannskap på Gollenes. Reiarane Asbjørn Ose t.v. og Frode Kvalsvik t.h. er også godt fornøgde med året.
Nytt

Godt fiskeriår - Gollenes knuste rekorden

Han har vore seks månader om bord og seks månader heime, og kjem opp i millionen i årsinntekt i 2015. Christian Holm er ikkje i offshore, men er maskinsjef på nordsjøtrålaren Gollenes som har bak seg eit eventyrleg år.

Administrator
21.12.2015
Med ein årsfangst på i overkant av 52 millionar kroner har herøytrålaren Gollenes sett ein rekord som truleg kjem til å bli ståande ei stund.
I forhold til i fjor er fangstinntekta auka med rundt femti prosent, og ifylgje reiarane var 2014 eit bra år det også.
- Vi har den beste båten, og når det klaffar slik det har gjort i år så blir det bra.
Det seier Frode Kvalsvik og Asbjørn Ose, som eig halvparten kvar i det driftige herøyreiarlaget.

Jamt over veldig bra

Gollenes er ikkje den einaste av herøybåtane som kan sjå tilbake på eit godt fiskeriår i 2015.
- Det har vore eit jamt over veldig bra år, og særleg for dei pelagiske trålarane. Dei kan notere seg for stor framgang i forhold til i fjor, seier Gunnar Sævik i Skipsregnskap As.
Tala som Sævik kan legge fram no på tampen av året viser at herøyflåten i år kjem opp i ein samla fangstverdi på 1.384 millionar kroner i 2015. Auken i forhold til i fjor er dermed på godt over 200 millionar kroner, og historisk sett blir fangstverdien i 2015 den nest høgste som som nokon gong er registrert for den største fiskeflåten i fylket.
Fordelt på dei ulike fartøygruppene ser tala slik ut i millionar kroner: Ringnot 654 (+ 17%), reke/torsk 514 (+ 27%), pelagisk trål 131 (+ 30%), autoline 52 (+10%) og sjark 42 (+5%).
Prosentauken er basert på lik innsats dei to åra, men legg ein den reelle innsatsen til grunn har dei pelagiske trålarane auka fangstverdien med heile 65 prosent frå i fjor til i år.
Det er no berre tre slike båtar igjen i Herøy som følgje av ei storstilt strukturering som har redusert den norske flåten av pelagiske trålarar frå 40 til 15 på nokre få år.
Gollenes-reiarlaget har åleine brukt 60 millionar kroner på strukturering og kvotekjøp dei siste åra, i tillegg til å byggje ny båt til 130 millionar kroner.

Augepål og kolmule

Det er særleg to årsaker til at dei pelagiske trålarane har gjort det så bra i år. I tillegg til at 2015 vor hare eit spesielt godt år med augepål, har denne fartøygruppa også fått nyte godt av storleiken på kolmulekvota. Og prisane på råstoffet har vore bra heile året.
Den beste samanlikninga av 2014 og 2015 får ein med å sjå på ringnot med kolmulekonsesjon. I denne gruppahar det ikkje vore noko endring av innsatsen (talet på båtar) frå det eine året til det andre, og fangstauken på 17 prosent gjenspeglar dermed auken i kolmulekvota der kvar båt kunne fiske 2000 tonn meir enn i fjor. Ringnotbåtane frå Herøy fekk dermed ei gjennomsnittleg fangstinntekt på 64,5 mill. kroner i 2015.

Skårar på bifangst

Med dette som bakteppe blir det oppsiktsvekkande når ein pelagisk trålar passerer 52 millionar kroner i årsfangst. Forklaringa på det eksepsjonelt gode resultatet til Gollenes er at denne båten er spesielt tilrettelagt for å ta vare på bifangsten og har kunna levere sei for rundt ti millionar kroner i 2015. Utan dette tillegget hadde båten hatt ei inntekt meir på linje med dei to andre pelagiske trålarane i herøyflåten.

Kunne sett ny rekord

Med 1.461 millionar kroner står 2011 framleis som det historiske toppåret for herøyflåten. 2015 kunne imidlertid ha blitt eit nytt rekordår viss ikkje tre av dei fem reke-/torsketrålarane hadde blitt selde i løpet av året.
Det har vore eit jamt over veldig bra år, og særleg for dei pelagiske trålarane

Publisert: 21.12.2015 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51