Gode tal for dette konserthuset
FOSNAVÅG: Solid pluss for Fosnavåg konserthus i fjor.
Nytt

Gode tal for dette konserthuset

Har solid eigenkapital og betalar fort ned på gjelda.

29.07.2020
Selskapet Fosnavåg Konserthus omsette i 2019 for 3,1 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 1,5 millionar.
Dette er på nivå med 2018.
556.000 kroner av inntektene er faste husleigeinntekter frå Herøy kommune og Fosnavåg Vekst.

Spleiselag

Herøy kommune er største eigar i konserthuset med 52,8 prosent av aksjane.
Men totalt deltok ni bedrifter med midlar til realisering av konserthuset. Av desse er Rem-selskapet Solship Invest 1 størst med 19,4 prosent.
Havyard Group eig 13,2 prosent, Olympic Eiendom 6,6 prosent og Ervik & Sævik 5,2 prosent.

-Lærdom for andre

Samla eigenkapital er på 33,3 millionar kroner, og langsiktig gjeld er på 11,0 millionar kroner.
Til seier dagleg leiar Fredrik Remøy at andre kan ta lærdom av måten Fosnavåg konserthus vart finansiert gjennom sponsoravtalar med næringslivet.
Han opplyser at den viktigaste inntektskjelda til konserthuset er sponsorinntektene, som er bokført med vel 2,6 millionar kroner i 2019.
Desse inntektene er baserte på avtalar som vart inngått før konserhuset stod ferdig, og slik blei konserthuset si gjeld til næringslivet redusert til 5,5 millionar kroner i 2019-rekneskapen.

Publisert: 29.07.2020 12:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00