God stemning trass salsprosess
ÅLESUND: Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk seier at hennar inntrykk er at interessa er stor for å kjøpe Rolls-Royce sin marinedivisjon.
Nytt

- God stemning trass salsprosess

1400 Rolls-Royce-tilsette på Sunnmøre ventar spent på kven som vert ny eigar. Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk seier at stemninga er god.

15.03.2018
- Ja, mitt inntrykk er at stemninga blant dei tilsette er førebels god. Vi jobbar på og er opptatt av kundane våre som alltid.
Ho håpar ikkje ventetida vert altfor lang før den nye eigaren er på plass.
- Uansett utfall så skal vi fortsette å gi kundane våre det dei treng av service og nye produkt og teknologi.

Mange aktuelle

Ei rekkje selskap har vorte nemnde som aktuelle kjøparar av Rolls-Royce sin marinedivisjon, som totalt har 3.600 tilsette. Rundt 1.600 er i Norge, og rundt 1.400 av desse arbeider på Sunnmøre; i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og på Longva.
Tyske Siemens har vorte nemnd som ein aktuell kjøpar, det same med amerikanske General Electric, sveitsiske ABB og finske Wärtsilä.
I Finland har Rolls-Royce nyleg bygt om fabrikken i Rauma, slik at all produksjon der vert samla i eit bygg i staden for to.

Stor interesse

Fleire arbeidstakarorganisasjonar i Norge arbeider for å få eit samla sal til ein norsk aktør. Her har både Kongsberg og Aker vore nemnde som potensielle kjøparar.
I slike prosessar er det også vanleg at private equity-selskap viser interesse.
Bonnevie Wollebæk vil ikkje kommentere spekulasjonar, men seier at inntrykket er at interessa er stor.
- Men i likheit med alle dei andre tilsette får eg nok ikkje vite noko før vi har ein eller fleire potensielle kjøparar som offentleggjer sin interesse.

Offshore slit

Rolls-Royce plc la sist veke fram overraskande gode heilårstal for heile konsernet. Samla inntekter var på totalt 16,3 miliardar pund, ni prosent meir enn året før.
Det var spesielt Civil Aeorospace som bidrog positivt.
Resultatat før skatt vart på 4,8 milliardar pund.
For Commercial Marine, som den norske delen av Rolls-Royce er ein del av, enda omsetninga på 1077 millionar pund, ein nedgang på ni prosent frå året før, spesielt på grunn av svakare ordreinngang i offshore.
Resultatet før skatt vart på minus 25 millionar pund.

Betre ettermarknad

Konsernet rapporterer at ettermarknaden har hatt forbetring i 2017.
Konsernsjef Warren East ventar eit bra 2018, men slår fast at kostnadskutta og restruktureringsprosessane held fram med full tyngde.
Som ein del av omlegginga skal konsernet gå frå fem til dei tre verksemdsområda Civic Aerpospace, Power Systems og Defence.
Planen er å selje den delen av Marine som er innretta mot kommersiell sjøfart, medan forsvarsdelen vert lagt under Defence.
Vi jobbar på og er opptatt av kundane våre som alltid

Publisert: 15.03.2018 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19