God start paa verftsaaret
FEIRING: Gunvor og Tore Ulstein i Ulstein Group feirar at verftet dro i land to kontraktar på same dag i slutten av januar i år. Oppdraga betyr at permitterte gradvis kjem attende i jobb framover til hausten.
Nytt

God start på verftsåret

Skip for over 4,2 milliardar kroner etter to månadar. Verfta startar betre i år enn i fjor.

03.03.2017
Etter fire månadar i 2016 var fasiten fire kontraktar på til saman 1,2 milliardar kroner.
Etter fire månadar i 2015 hadde verfta skaffa seg oppdrag for 2,1 milliardar kroner, fordelt på fem skip.

Milliardkontraktar

Dersom dei to intensjonsavtalane Vard har inngått i år, eit cruiseskip til ein milliard kroner og ein krilltrålar til 750 millionar kroner (pluss fabrikk ombord til 250 millionar), blir rekna med har norske verft fått oppdrag for over 4,2 milliardar kroner hittil i år.
Også Ulstein Verft har offentlegjort ein milliardkontrakt i år, ei stor bil- og passasjerferje for Color Line.
Starten på 2017 kan samanliknast med starten på 2014. Ved utgangen av mars 2014 - før oljeprisfallet starta - hadde verfta offentlegjort kontraktar for 5,4 milliardar kroner.
Les artiklane NETT NO har publisert om nye kontraktar under Relaterte saker

Oljebransjen er borte

Fram til og med 2014 var det offshorereiarane som dominerte på kundelista hos verfta.
No er dei borte. Hittil i år er oppdraga fordelt på to vanlege bilferjer, Color Line-ferja, to fiskefarty, eitt serviceskip for offshore vindkraftproduksjon, ein arbeidsbåt og eitt serviceskip for Kystverket.

Vard størst

Vard er kontraktsvinnaren med oppdrag for 2,7 milliardar kroner offentleggjort, med Ulstein Verft på andreplass med oppdrag for 1,5 milliardar (NETT NOs anslag).
Vard har nettopp lagt fram eit årsreknskap som viser at verftskonsernet , og Ulstein Verft er i ferd med å hente attende permitterte tilsette. Til hausten skal alle permitterte i Ulstein vere i arbeid igjen.

Tøffare konkurranse

Kollapsen i offshoremarknaden gjorde at større verft brått kasta seg inn i vedlikehald- og ombyggingsmarknaden, og gjekk etter oppdrag som tidlegare var for smått for dei å bry seg med.
Havyard offentleggjorde nyleg kontrakt nummer to for ein arbeidsbåt til rundt 30 millionar kroner. Det er eit oppdrag som berre er litt større enn den siste kontrakten arbeidsbåtbyggjaren Maritime Partner i Breivika i Ålesund har offentleggjort.

12,8 milliard

I fjor offentlegegjorde verfta kontraktar på 31 farty for til saman 12,8 milliardar kroner.
Det viser viser statistikken frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. Statistikken omfattar kontraktar over 50 millionar kroner.

Åtte av skipa er passasjerskip, som blir bygd for cruisemarknaden. Kleven skal bygge hurtigruter og Vard ekspedisjonscruiseskip, og til saman har dei åtte passasjerskipa norske verft sikra seg i fjor ein kontraktsverdi på cirka 5,6 milliardar kroner.
I tillegg er det bestilt seks ferjer for rundt ein milliard kroner og 12 fiskebåtar for rundt 2,6 milliardar. Resten av orderinngangen i 2016 består av ein yacht hos Ulstein Verft og fire farty til oppdrettsnæringa.

Publisert: 03.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06