God start paa aaret
ARBEIDSBÅTAR: Asmund Torvik framfor den nye arbeidsbåten til Nordfjord Forsøksstasjon i Davik. Lextor Marin har fått god start på året.
Nytt

God start på året

Så god tru på vidare sal har Lextor Marin, at ein byggjer skrog utan å ha kjøparar.

18.01.2018
- Dette vil ordne seg. Det ser slett ikkje verst ut framover, og vi er sikker på å finne kjøparar til dei to skroga, seier dagleg leiar Asmund Torvik.
Sidan 2010 har Herøy-bedrifta satsa på arbeidsbåtar, i hovudsak til oppdrett.

Nye kontraktar

I fjor vart det levert fem båtar, og den sjette var godt i gang. I år har ein alt fått kontrakt på to nye.
- Året har starta godt. Vi er innarbeidde i marknaden, og vi reknar på mange nye tilbod.
I produksjonshallen i Torvik er ein arbeidsbåt til Nordfjord Forsøksstasjon i Davik snart ferdig til å leverast. Deretter skal det leverast to båtar til Sjøtroll Havbruk i Bekkjarvik.

Utanlandsk interesse

Hittil har dei fleste kontraktane gått til norske kundar.
- Men i den seinare tid, har vi blitt kontakta av kundar frå til dømes Island, Sverige, Finland og Russland, seier Torvik.
Båtane er gjerne på 12 x 5 meter, og har eit trimaranskrog.
- Dette er arbeidsbåtar, som tek med seg mykje last og er stabile i sjøen.

Planlegg hurtiggåande båt

Dei største båtane er bortimot 15 meter lange.
- Vi har fleire modellar, men i dagens lokale kan vi ikkje ha lenger båtar enn 15 meter, seier Torvik.
Han opplyser at arbeidet er i gang med å utvikle ein hurtiggåande båt.
- Ja, dette vert ein modell som skal kunne gå i 25 knops fart.

Vil utvide

Ti mann arbeider ved bedrifta i Torvika, der utrustninga av båtane skjer. Skrogmodulane vert bygde andre stader.
No ønskjer Torvik å utvide.
- Ja, vi er i gang med å søkje kommunen om dispensasjon til å setje opp ein ny utrustningshall på 200 kvadratmeter.
- Vi er avhengige av dispensasjon ettersom området der vårt bygg ligg, er avsett til eit framtidig turistprosjekt, som så langt ikkje har vorte noko av.
Dette er arbeidsbåtar, som tek med seg mykje last og er stabile i sjøen

Publisert: 18.01.2018 12:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17