God start i sjarken
GOD FANGST: Kjell Børre Petersen og Nick Are Skorpen fiska for over 3,7 millionar kroner i fjor.
Nytt

God start i sjarken

Kjell Børre Pettersen og Nic Are Skorpen hoppa av som ringnotfiskarar og satsa på sjark. Passerte millioninntekt i fjor.

04.07.2017
- Nokre vil gjerne kalle det ein genfeil å gå frå ringnot til sjark. Men for oss handlar det om det genuine med å drive sjøen, sa Pettersen og Skorpen til NETT NO i fjor.

Dei eig selskapet Herøy Kystfiske 50/50 med sjarken "Kystfisk", med seg sjølve som mannskap.

2,2 millionar kroner

2016 var første heile driftsår for selskapet, som enda med 3,7 millionar kroner i driftsinntekter, 2,2 millionar kroner utbetalt i lønn og lott og eit overskot før skatt på 0,2 millionar kroner.
I løpet av året reduserte dei også den langsiktige gjelda til selskapet frå fire til 3,1 millionar kroner.
NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Pettersen og Skorpen etter at 2016-reknskapen vart offentleggjort.

Fleire satsa på sjark

Pettersen og Skorpen investerte i underkant av fem millionar kroner i båt, utstyr og kvotar då dei satsa på sjarkfiske.
Gode prisar, betre utstyr og meir komfortable båtar gjer at Pettersen og Skorpen ikkje er åleine om å satse på sjark.
I fjor fekk Martin og Gunnar Leinebø overlevert nybygget "Ventura", ein såkalla storsjark med 14,9 meters lengde. Den har einmannslugarar til fire personar, takka vere den uvanlege breidda - heile 6,9 meter. Dekket er overbygd slik at mannskapet arbeider i ly for vêr og vind.
Nesten samstundes fekk brørne Arve og Sveinung Teige sin storsjark, som truleg låg i same prisklasse.

Publisert: 04.07.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11