Glen Bradley Vi gir oss ikkje
OPPDRETT: Glen Bradley gir ikkje opp satsinga på lukka oppdrettsmerder etter avslaget i Fiskeridirektoratet.
Nytt

Glen Bradley: - Vi gir oss ikkje

Glen Bradley håper på politisk hjelp etter at Fiskeridirektoratet sa nei til den lukka havmerd-satsinga til Torus Seafarm.

18.02.2019
- I første omgang kjem vi til å anke avslaget. Det vil så gå sin gang, men vi synst dette er eit så godt og viktig prosjekt at vi også håper å få løfta saka opp på politisk nivå.
Det seier Glen Bradley etter at Fiskeridirektoratet vende tommelen ned for den lukka sjømerd-satsinga i regi av Marad Norway.

Lettast for dei store

Avslaget på utviklingsløyve kom få dagar etter at Rostein-direktøren Bradley saman med ei ei gruppe investorar i selskapet Salmoseed kjøpte 50,1 prosent av aksjane i Marad Norway.
- Vi var eigentleg ikkje så overraska over avslaget ettersom det har kome ei lang rekkje avslag frå Fiskeridirektoratet i det siste.
Han er likevel kritisk til prosessen og grunngjevinga i avslaget.
- Vi meiner at vi har eit fantastisk spennande konsept, men det er tydeleg at i denne prosessen har det vore lettast å vinne fram for store aktørar som kunne brukt store summar på bistand til søknaden.

Positiv respons

Han trur også at det hadde vore ein fordel å kome lenger fram i køa.
- Vi ser at det har vorte nei på nei i det siste.
Bradley seier at det berre har vore positive reaksjonar etter at han og medinvestorane satsa på prosjektet.
- Alle heiar på oss, og ser kor viktig ei oppdrettssatsing som denne vil vere for klynga på Nordvestlandet.
- Her får vi kombinert det beste av den maritime og marine kompetansen.

Trur på mange 'spin offs'

Sjølv om Rostein-dominerte Larsnes Mek. Verksted er inne som aksjonær, seier Bradley at det ikkje er sikkert at dette verftet skal produsere stålkonstruksjonane, om prosjektet vert realisert.
- Nei, dette er relativt enkelt stålarbeid, og kvar dette skal utførast vil vi avgjere seinare.
- Det mest interessante er dei teknologiske løysingane. Her har den maritime klynga mykje å bidra med, og her kan det verte mange 'spin offs'.
Bradley seier at det etter kvart også kan verte aktuelt å ha andre aktørar med på laget.
- Men først må vi få godkjenning for løysinga.
- Etter vårt syn vert det altfor dumt om eit slikt spennande og viktig prosjekt vert stoppa av byråkratane i Fiskeridirektoratet.
Alle heiar på oss, og ser kor viktig ei oppdrettssatsing som denne vil vere for klynga på Nordvestlandet

Publisert: 18.02.2019 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31