Gledeleg skattejakt paa havbotnen
NØGD: Stian Gilje og Solveig Lie Onstad frå K. G. Jebsen-senter for forsking på djupe hav ved UiB, Jan Stenløkk frå Oljedirektoratet og Anna Lim frå NTNU (innfelt) deltok på toktet med Seabed Constructor. 
Nytt

«Gledeleg» skattejakt på havbotnen

Oljedirektoratet er begeistra over resultata etter eit mineraltokt med «sunnmørsskipet» Seabed Constructor.

Marius Rosbach
10.09.2019
Oljedirektoratet har nettopp avslutta det dei opplyser var eit vellukka tokt for innsamling av data på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet.
Fartøyet Seabed Constructor er nytta i arbeidet, fartøyet som tidligere har som forsvann i 2014.
I løpet av fire veker er det gjort fleire funn av sulfidforekomster, som ikkje er kjent frå tidlegare. Her finst det mellom anna metall og mineral som er viktige i batteriteknologi, vindmøller og mobiltelefonar, melder på sine heimesider.

– Gledeleg

Letedirektør Torgeir Stordal i Oljedirektoratet er begeistra over resultata frå toktet.

– Det er gledeleg at vi har identifisert, kartlagt og tatt prøvar av fleire nye mineralforekomster, seier han.
Han omtalar toktet som «banebrytande høgteknologisk operasjon». Det er nytta tre autonome farkostar som har samla inn data kring 50 meter over havbotnen. Det har mellom anna resultert i havbotnskart på djupner opptil 3000 meter, med ei oppløysing på ein meter. Det er også samla inn bergartsprøver med ein fjernstyrt undervassfarkost.

Undersøker «skorsteinar» på havbotnen

Sulfidmineralar finst i undersjøiske «skorsteinar» som oppstår når sjøvatn trenger ned i havbotnen ved underliggande magmakammer. Når sjøvatnet blir varma opp, blir metall frakta opp til havbotnen i varme kjelder. Slike kjelder dannar skorsteinar som rasar med jamne mellomrom. Det er disse grushaugane med mineralforekomster som no er undersøkt.
Resultata av funna skal bli analysert og tolka for å danne grunnlaget for det vidare arbeidet.

Bygd på Kleven

Seabed Constructor er omtala som «verdas mest avanserte sivile undersøkingsfartøy». Skipet heitte tidlegare Olympic Athene og vart bygt på Kleven for Herøy-selskapet Olympic Shipping i 2014.
Skipet er teikna av Marin Teknikk og er av typen MT6022 MKII, og er 115,4 meter langt og 22 meter breidt. Om bord er det lugarplass for 102 personar. Olympic Athene vart seld av Olympic Shipping i desember 2016 til Swire Pasific Offshore, og fekk deretter namnet Seabed Constructor.

Publisert: 10.09.2019 10:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39