Glede over ny designkontrakt
KONTRAKT: Representantar frå verft, reiarlag og designselskap samla for signerind av kontrakt i Tyrkia førre veke. Salsdirektør Richard Gjerde i Marin Teknikk er nummer tre frå venstre. 
Nytt

Glede over ny designkontrakt

Ervik-konsernet har allereie to fartøy under bygging med Marin Teknikk-design. No skal Herøy-selskapet teikne ny linebåt.

Marius Rosbach
09.09.2019
Marin Teknikk i Herøy har fått oppdraget med å levere design og engineering for ein ny linebåt som Frøyanes AS skal bygge i Tyrkia.
Frøyanes er eit dotterselskap i fiskerikonsernet Ervik på Stadlandet. Det nye fartøyet skal byggjast ved Tersa-verftet i Tyrkia og skal drive fiske i Sørishavet. Difor skal fiskebåten også utstyrast med skrog som toler å segle i islagde farvatn, ifølgje ei pressemelding måndag.
Linebåten blir 60,5 meter lang og får ein lugarkapasitet til 30 personar.

Fleire kontraktar

I sommar kapra designselskapet også ei kontrakt på ein kombinert line- og snurrevadfartøy som skal byggjast same stad for reiarlaget Østerfjord. Med andre ord er det godt driv i denne delen av marknaden for Marin Teknikk.

– Ja, vi føler at vi har komt oss godt i sving på dette no, seier salsdirektør Richard Gjerde i Marin Teknikk til NETT NO.
Linebåten til Frøyanes blir fartøy nummer 11 Herøy-designarane jobbar med for Ervik-konsernet. Dei har også to andre fiskefartøy under bygging ved verftet- også dei med Marin Teknikk-design.
– Vi har jobba tett med Stig og Kjell-Magne Ervik og teamet deira i nesten 25 år. Vi føler at dette er ein anerkjenning av arbeidet vårt med å teikne trygge, praktiske, miljøvennlege og kosteffektive fiskefartøy, som er spesialtilpassa dei forskjellige fiskeri- og havområde dette linebåtreiarlaget opererer på, kommenterer Gjerde.

Les også:



Bygg nummer 100 for verftet

For verftet er byggeoppdraget spesielt ved at det er båt nummer 100 som byggjast her.
I samband med signeringa av kontraktra, takk verftsleiinga for oppdraget dei fekk i 2010 med å bygge fartøyet MS Frøyanes. Det var starten for ei ny æra for spesialskip for det tyrkiske verftet.
Også det fartøyet blei teikna av Marin Teknikk og skal framleis vere den største linebåten i verda.

Publisert: 09.09.2019 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39