Glede over avklaring
NYE EIGARAR: Norleif Hasund (t.v) har arbeidd hos Kleven i 11 år, Tage Beddari i åtte. I løpet av dei åra har Kleven gått frå å vere eit familieeigd selskap, til å ha Hurtigruten på eigarsida i to ulike konstellasjonar for deretter å bli seld til kroatiske Div Group - og så gå konkurs. I dag er det Green Yards som tek over.
Nytt

Glede over avklaring

- Vi er kjempeglade for at det har kome til ei ordning, seier Tage Beddari i vaktbua hos Kleven.

14.07.2020
Beddari avløyste Norleif Hasund i dag tidleg. Medan Hasund fekk med seg meldinga om at det var semje mellom bustyret og Green Yards like etter midnatt, las Beddari først om eigarskiftet då han tok morgonkaffien og gjorde seg klar til å køyre til jobb.
- Eg såg det først to minutt før eg sette meg i bilen, seier han.
Rundt klokka 07 i dag start Kleven-tilsette å strøyme inn på verftet. Klokka 10 er planen å samle dei tilsette til eit allmøte.

Spenning

Dei tilsette i Kleven har levd med spenning rundt situasjonen knytt til sin førre eigar, Div Group, i lang tid. Deretter kom konkursen, og uvissa om bustyraren greidde å få til ein avtale som sikra vidare drift på verftet.
Fredag var det klart at Langset-konsernet i Molde tok over dei 225 tilsette i bemanningsselskapet til Kleven Maritime.
Først etter midnatt, natt til i dag, tysdag 14. juli kom avtalen som sikra drift også hos Kleven Verft på plass.

Kor mange av dei omlag 200 tilsette på Kleven Verft som får halde fram er ikkje opplyst.

Spent

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik er spent på den nye eigaren.
- Vi får håpe dette er ei løysing. Vi veit lite om firmaet som har kjøpt oss enno. Eg reknar med at dei her har tenk at vi skal bygge båtar. Vi veit ingenting om bemanning, det er det arbeidet som bestemmer, seier han.

Publisert: 14.07.2020 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59