- Vi har så mykje kunnskap og kompetanse å byggje på. Vi har også så mange bedriftsleiarar som ønskjer at ein skal klare å kome styrka ut, at eg er sikker på at dette skal gå bra.
Men ho legg til:
- Det er ingen tvil om at det vert tøft. Det er over 30 offshorefartøy i opplag og reiarlaga får ikkje att for driftsutgiftene. Dette er nokre av våre viktigaste kundar, og når dei slit, vert vi også ramma.
- Eg er glad for at vi har mange gode år bak oss. Det vil vi få nytte av no, seier Ulstein.
Selskapet går ikkje ut med tal for dei ulike områda, men det er liten tvil om at designdelen har ein stor del av æra for dei gode resultata.
- Nokre år er det verftet som bidreg mest, andre år er det andre område. Slik er det, seier Ulstein.
- Nei, vi skal ha verft, ikkje minst for å byggje prototypeskip ved eige verft.
- For oss er det viktig å ha kompetansen nært både på utvikling og bygging av denne typen skip.
- Det er altfor mange verft både på verdsbasis og i Norge. Dette var også grunnen til at vi på 1990-talet ikkje valde å satse endå meir på skipsbygging i Norge, men valde ein annan strategi enn fleire andre.
- Vi ser også at det er store planar om oppdrett til havs. Her vil det også opne seg mulegheiter for verfta.
- Det gjeld å ha auge og øyre opne og utnytte dei mulegheitene som byr seg.
- I alle nedturar dukkar det opp nye mulegheiter. Det gjeld å gripe mulegheitene, samstundes som vi må arbeide hardt kvar dag for å verte endå meir konkurransedyktige.
- Det vert tøft, men eg trur det nok ein gong skal gå bra, seier Ulstein.
Men ho legg til:
- Det er ingen tvil om at det vert tøft. Det er over 30 offshorefartøy i opplag og reiarlaga får ikkje att for driftsutgiftene. Dette er nokre av våre viktigaste kundar, og når dei slit, vert vi også ramma.
Gode designtal
Ulstein Group la onsdag fram 2014-resultata. Nok ein gong var det gode tal.- Eg er glad for at vi har mange gode år bak oss. Det vil vi få nytte av no, seier Ulstein.
Selskapet går ikkje ut med tal for dei ulike områda, men det er liten tvil om at designdelen har ein stor del av æra for dei gode resultata.
- Nokre år er det verftet som bidreg mest, andre år er det andre område. Slik er det, seier Ulstein.
Vil byggje proptypeskip
På verftet har ein sett i gang nedbemanningsprosessar, men Ulstein avviser at det er på tale å avvikle verftsdelen.- Nei, vi skal ha verft, ikkje minst for å byggje prototypeskip ved eige verft.
- For oss er det viktig å ha kompetansen nært både på utvikling og bygging av denne typen skip.
- For mange verft
Men ho opnar for at det kan verte mindre verftsbygging.- Det er altfor mange verft både på verdsbasis og i Norge. Dette var også grunnen til at vi på 1990-talet ikkje valde å satse endå meir på skipsbygging i Norge, men valde ein annan strategi enn fleire andre.
Offshore vind og gruveskip
Gunvor Ulstein meiner at med den unike skipsbyggingskompetansen som finst i Ulstein og i den maritime klynga, vil ein vere godt rusta til å kjempe om nye kontraktar innanfor område som offshore vind og gruvedrift på havbotnen.- Vi ser også at det er store planar om oppdrett til havs. Her vil det også opne seg mulegheiter for verfta.
- Det gjeld å ha auge og øyre opne og utnytte dei mulegheitene som byr seg.
Må gripe mulegheitene
Ho karakteriserer nedturen som noko av den djupaste ein har sett på lang tid, men åtvarar likevel mot pessimisme.- I alle nedturar dukkar det opp nye mulegheiter. Det gjeld å gripe mulegheitene, samstundes som vi må arbeide hardt kvar dag for å verte endå meir konkurransedyktige.
- Det vert tøft, men eg trur det nok ein gong skal gå bra, seier Ulstein.
Publisert: 13.05.2015 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44