Gjer det godt paa bruktbilar
VALDERØYA: Karl Johan Krogen har lukkast med satsinga på bruktbilar og verksted på Valderøya.
Nytt

Gjer det godt på bruktbilar

Han har kjøpt og seld bruktbilar frå han var knapt 20 år. På Valderøya driv Karl Johan Krogen god butikk.

19.03.2019
- Ja, det går bra. Det er stadig aukande trafikk, seier dagleg leiar og eineeigar Karl Johan Krogen i Krogen Bil.
Etter å ha drive i det små heimanfrå på Nordstranda, satsa han i 2014 på splitter nye lokale med 650 kvadratmeter bruksareal på Gjøsund.
Satsinga var dristig, men det har gått godt.
Selskapet er gjeldfritt, og i i 2018 omsette Krogen for 15,3 millionar kroner.

Viktig verksted

Resultatet før skatt vart 1,1 millionar kroner, og Krogen kunne også ta seg ut eit utbyte på 600.000 kroner.
Han seier at mykje av resultatet kjem frå verkstedet.
- Vi har eit Meca-godkjent verksted, der vi blant anna har massevis av EU-kontrollar.
- Det er ikkje så mange bilforhandlarar i regionen som har eit komplett verksted.
- I tillegg har vi stort dekkhotell.

Flest lokale kundar

Det er fire tilsette i verksemda.
Krogen opplyser at dei fleste kundane er lokale.
- Men etter kvart har vi fått fleire kundar frå søre Sunnmøre.
- I går selde eg faktisk ein bil til ein kar i Fosnavåg, seier Krogen.
Han stortrivst som bilselgar.
- Ja, det er dette eg kan og likar.
Det er stadig aukande trafikk

Publisert: 19.03.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32