- Svært gledeleg, seier Stian Teige.
No går både Teige sjølv og designet inn i designselskapet LMG Marin. Det Bergen-baserte selskapet har oppretta selskapet LMG Oilcraft, med Teige som dagleg leiar.
- Dette betyr at LMG har stor tru på designet, seier Teige.
Reiarlaget satsar stort på den veksande offshoreindustrien mellom Barentshavet og Canada, og planlegg bygging av fire PSV-ar, fire brønnintervensjonsfartøy og to subseafartøy.
Alle skipa skal ha høg isklasse. Det gjeld også PSV-ane.
Satsinga til det islandske reiarlaget er uansett godt nytt for norske verft som opplever stor tørke når det gjeld nye offshorekontraktar.
For LMG Oilcraft er det eit stort gjennombrot.
- Vi jobbar heile tida for å få inn nye kontraktar. Det er god interesse rundt det nye designet, seier Teige, som for to år sidan hoppa av som salssjef i Ålesund-selskapet Seaonics for å jobbe med designutvikling.
Frå før har Teige bakgrunn frå mellom anna Odim og Rolls-Royce.
- Den lange erfaringa til LMG Marin på design av skip med over 1000 leverte fartøy i løpet av sine 72 år i marknaden, gir kunden tryggheit. Dei kan også vise til å vere leiande på bruk av grøn teknologi på sine fartøy, seier Teige.
- Vi ser for oss å jobbe med både gass, hybrid og batteriløysingar på offshorefartøy framover.
- Løysinga gjer at seismikkfartøya vert breiare i akterkant, slik at ein kan taue fleire streamerar, samstundes som skipet held seg meir roleg i sjøen enn ved dagens løysingar, seier Teige.
No går både Teige sjølv og designet inn i designselskapet LMG Marin. Det Bergen-baserte selskapet har oppretta selskapet LMG Oilcraft, med Teige som dagleg leiar.
- Dette betyr at LMG har stor tru på designet, seier Teige.
Canada-satsing
Det var i dag at det vart kjent at det islandske reiarlaget Iceland Supply vil byggje ti offshorefartøy i Norge basert på designet frå LMG Oilcraft.Reiarlaget satsar stort på den veksande offshoreindustrien mellom Barentshavet og Canada, og planlegg bygging av fire PSV-ar, fire brønnintervensjonsfartøy og to subseafartøy.
Alle skipa skal ha høg isklasse. Det gjeld også PSV-ane.
Godt nytt for norske verft
Stian Teige vil ikkje gå i detaljar rundt avtalen med kunden.Satsinga til det islandske reiarlaget er uansett godt nytt for norske verft som opplever stor tørke når det gjeld nye offshorekontraktar.
For LMG Oilcraft er det eit stort gjennombrot.
- Vi jobbar heile tida for å få inn nye kontraktar. Det er god interesse rundt det nye designet, seier Teige, som for to år sidan hoppa av som salssjef i Ålesund-selskapet Seaonics for å jobbe med designutvikling.
Frå før har Teige bakgrunn frå mellom anna Odim og Rolls-Royce.
Stor bulb og bølgjebrytar
Det nye designet skil seg i grove trekk ut ved at det er ein stor bulb i baugen, i tillegg til ein bølgjebrytar over bulben.- Den lange erfaringa til LMG Marin på design av skip med over 1000 leverte fartøy i løpet av sine 72 år i marknaden, gir kunden tryggheit. Dei kan også vise til å vere leiande på bruk av grøn teknologi på sine fartøy, seier Teige.
- Vi ser for oss å jobbe med både gass, hybrid og batteriløysingar på offshorefartøy framover.
Trimaran
LMG Oilcraft har også utvikla eit heilt nytt design for seismikkbåtar med såkalla trimaran-løysing der ein har eit ekstra skrog på kvar side.- Løysinga gjer at seismikkfartøya vert breiare i akterkant, slik at ein kan taue fleire streamerar, samstundes som skipet held seg meir roleg i sjøen enn ved dagens løysingar, seier Teige.
Vi ser for oss å jobbe med både gass, hybrid og batteriløysingar
Publisert: 12.06.2015 13:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44






