Gjekk fraa koronastopp til koronaboom
OPPSVING: Oppsving i båtsalet over heile Europa har gitt Vidar Aasestrand og kollegaene i Polyform meir enn nok å gjere, etter ein kortvarig nedtur.
Nytt

Gjekk frå koronastopp til koronaboom

På det verste hadde Polyform-sjef Vidar Aasestrand over 25 permitterte i vår. No er alle tilbake for fullt og laurdagene må brukast for å få produsert nok.

08.07.2020
Polyform lagar blåser, bøyer- og fenderar, mellom anna til fritidsbåtmarknaden. Det var fritidsbåtmarknaden som vart hardast råka då tiltaka mot koronaepeidemien kom og det var i den avdelinga folk vart permittert.
- Bråstopp, seier Aasestrand om reaksjonen frå kundane.
Men med reiserestriksjonar la folk vekk plananar om utanlandsferie, og mange satsa heller på eigen båt i heimlandet. Det er ein trend, i alle fall i heile Europa seier Aasestrand. Den trenden kom også Polyform til gode. Alle permittere er tilbake på jobb og selskapet har også brukt laurdagen for å produsere nok.
- I mai var alle tilbake for fullt, seier Aasestrand.

Subsea og offshore

Polyform har hatt tre hovudmarknadar, fritidsbåtmarknaden, fiskeri og havbruk - som er omlag like store målt i driftsinntekter.
I 2019 satsa selskap også på lage utstyr for olje- og vindkraftbransjen til havs. Det lukkast, og utgjorde omlag 15 prosent av driftsinntektene ifjor. Suksessen i den marknaden er hovudårsaka til veksten i driftsinntektene til Polyform i fjor, til 139 millionar kroner. Det er ny rekord. Lønsemda i fjor var på line med 2017, som tidlegare er det mest lønsame året Polyform har hatt (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).

Aasestrand seier starten på 2020 var så god at selskapet budde seg på eit nytt rekordår for driftsinntektene. Koronakrisa gjer at det ikkje lenger er sannsyleg, men Aasestrand reknar likevel med eit godt år, og ei lønsemd minst på line med 2019.

Svensk majoritetseigar

I 2017 kjøpte svenske Ernstömgruppen 91 prosent av aksjane.

- Vi har fått større økonomiske musklar til å utvikle bedrifta vidare, blant anna ved oppkjøp, sa Aasestrand etter kjøpet.
Aasestrand og hans familie eig 9 prosent av aksjane i Polyform gjennom selskapet Hillshore Holding.

Publisert: 08.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59