Gir opp landbrukssatsing i Geiranger
MINDRE MÅLESTOKK: Arnfinn Westerås er ein av tre aktive bønder i Geiranger. Han vil ikkje avvikle, sjølv om det ikkje blir nokon fellesfjøs for sauebøndene i Geiranger, men seier ei nedtrapping er sannsynleg.
Nytt

Gir opp landbrukssatsing i Geiranger

Det blir ingen fellesfjøs for å halde liv i Geirangerjordbruket. For dyrt, konkluderte dei to bøndene som var med til siste slutt.

10.01.2018
Planen var å reise ein fellesfjøs på flatene oppe i Flydal, like under ein bergvegg, for å ikkje bruke verdifull matjord.
Her skulle det bli plass 300-400 sauer i ein fjøs som skulle bli vesentleg meir lettdrive enn anlegga bøndene som skulle bli med har i dag. Det skulle bidra til å oppretthalde landbruk og kulturlandskap i verdsarv-området.

Krympa interesse

Då NETT NO skreiv om planane i 2016 var det fire bønder som var interessert i å bli med. Etterkvart som tida gjekk og det vart rekna på lønsemda krympa talet ned til to, Arnfinn Westerås og Trond Holebakk. Dei har nettopp konkluderte med at fellesfjøsen ville bli ei alt for stor investering.
Dei ville fått gjeld, utan å få ei inntekt som kunne forsvare investeringa. I tillegg er økonomien for sauebønder blitt forverra under planleggingsperidoden fordi overrproduksjon pressar prisane ned.
- Oss arbeider for ingen ting, og det er ikkje interessant, seier Westerås.

Trekte seg ut

I 2016 var Roar Sæter også med på planane, men trekte seg ut av same grunn som fekk Westerås og Holebakk til å skrinlegge ideen til slutt - det ville bli for dyrt.
Sæter bur og driv gard i Eidsdalen, men driv og eit geitebruk med fjøs øverst oppe i Ørnesvingane. Der har han cirka 300 vinterfora geiter, som saman med sauene til Westerås og Holebakk er det som er att av aktivt jordbruk i Geiranger.

Driv vidare

Alle tre kjem til å drive vidare kvar for seg, sjølv om fellesfjøsideen er ein saga blott. Men ingen har planar om å auke aktiviteten.
- Det vert i alle fall ikkje ei opptrapping seier Holebakk.
Både han og Westerås lever først og fremst av reiselivsnæringa. Holebakk er vaktmester på Union Hotel i Geiranger, Westerås og kona Iris eig og driv turistbedrifta Westerås Gard, men servering og overnatting.

Skuffa næringssjef

- Vilkåra er for dårlege til at dei torer å satse, seier næringsjef Inge Bjørdal i Stranda om avgjerda til bøndene i Geiranger.
Han har vore med på eit langvarig lobbyarbeid for å få staten med på at vilkåra for landbruksdrift i Geiranger er så spesielle at staten burde gå inn med ekstraordinære tilskott for halde det i live. Men innsatsen førte ikkje fram.
- Eg føler at eg har gjort det eg kunne for å få det på plass, og ikkje lukkast, seier Bjørdal.
 Oss arbeider for ingen ting, og det er ikkje interessant

Publisert: 10.01.2018 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17