Gir opp etter 87 aars drift
FOSNAVÅG: Frank Lied gler seg til å starte i 'normal' jobb etter å ha drive Liedhjørnet sidan midten av 1990-talet, her avbilda i 2016.
Nytt

Gir opp etter 87 års drift

- Ingen veg utanom, seier Frank Lied, etter at drifta av legendariske Liedhjørnet i Fosnavåg er slutt.

17.02.2020
- Det har vore fantastisk kjekt, og eg har truffe utruleg mange flotte og spennande folk. Men det er ei tid for alt, og no er det ikkje lenger plass for denne typen butikkar.
Det seier Frank Lied som sidan midten av 1990-talet har drive legendariske Liedhjørnet i Fosnavåg.
- I praksis er vi som ein Narvesen-butikk, og vi ser at desse butikkane vert lagde ned i raskt tempo, seier Lied.

Lang tradisjon

I dag startar han opphøyrssal i lokala som har vore i full drift sidan fredag 13.03 i 1933, men Lied-slekta i Fosnavåg har drive handel på gatehjørnet i Fosnavåg sentrum sidan slutten av 1800-talet.
Det var Niels Lied som starta bedrifta, før sonen Harald Lied tok over, og deretter Frank Lied som tredje generasjon.
- Eg har drive med dette i snart 40 år, men det er først dei to-tre siste åra eg byrja å gå litt lei, seier Lied.
59-åringen gler seg til å starte i ny jobb.
- Eg har jobba seks dagar i veka i lang tid, og skulle eg hatt fri ein laurdag har eg måtta leigd inn andre folk.
- No gler eg meg verkeleg til ein vanleg sju- til tre-jobb, med fri kvar laurdag, seier Lied, som enno ikkje vil røpe kva nyejobben går ut på.

Tru på Fosnavåg

Med sine 87 år er Liedhjørnet også den eldste butikken i Fosnavåg.
Trass i at Liedhjørnet legg ned, har Lied tru på Fosnavåg som handelssenter. Han har sjølv vore svært aktiv i handelsforeininga.
- Eg synst det skjer mykje positivt. At vi legg ned, er eit resultat av ein naturleg prosess, sjølv om det er vemodig.
Butikken har vore ein del av Mix-kjeda, og har i tillegg hatt eiga parfymeriavdeling.

Fallande omsetning

Siste åra har omsetninga dala, frå 2,5 millionar i 2016, til 2,3 millionar i 2017 og til 1,9 millionar i 2018.
Trass lave lønskostnader, gjekk drifta med ein liten minus i 2018.
Frank Lied håper å få nye leigetakarar som kan sikre nytt liv i lokala.
- Ja, det er målet.
At vi legg ned, er eit resultat av ein naturleg prosess, sjølv om det er vemodig

Publisert: 17.02.2020 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53