Gir friske midlar til omstilling
OPPLAG: Offshoreskip i opplag. No vert det sett av ekstra forskingsmidlar til bedrifter som er råka av oljenedturen.
Nytt

Gir friske midlar til omstilling

11,6 millionar kroner vert sett av til omstilling av bedrifter i Møre og Romsdal som er råka av oljenedturen.

23.08.2016
Det blir no lyst ut ekstra forskingsmidlar til omstilling for små og mellomstore bedrifter og næringsnettverk i Møre og Romsdal. For å komme raskt i gang med omstilling, blir behandlingsprosessen enklare.
Regionalt Forskningfond Midt-Norge (RFF) har sett av ei ekstra ramme på 11,6 mill. kroner som er øyremerka små og mellomstore bedrifter og næringsnettverk i Møre og Romsdal med særskilt behov for omstilling.

Maks 800.000 kroner

Det kan søkast støtte kvalifiseringsprosjekt (forprosjekt) og kvart prosjekt kan få inntil kr. 800 000 i støtte.
Dette opplyser Møre og Romsdal fyllkeskommune i ei pressemelding.
- Mange bedrifter i Møre og Romsdal er råka av oljenedturen og står i ein veldig krevande situasjon. Denne utlysinga rettar seg spesielt mot desse bedriftene og nettverka, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.
- For at prosjekta skal komme raskt i gang, tek fondet i mot søknadar og behandlar dei fortløpande, seier ho.

Kompetanse på nye område

I pressemeldinga vert det opplyst at prosjekta skal utvikle bedrifta sin kjernekompetanse og ta han i bruk på nye område.
Fondet kan støtte forprosjekt med intensjon om vidareføring i hovudprosjekt, og prosjekt med forskingsbaserte løysingar som bidreg direkte til innovasjon og verdiskaping.
Søkarar må i prosjektet samarbeide med høgskolar, universitet eller forskingsinstitusjonar.

Publisert: 23.08.2016 20:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59