Giek finansiering fristar lite
GJENNOMBROT: Erna Solberg lanserte nye reglar for eksportfinansiering på Haramskonferansen i februar i fjor, og viste samstundens til at Aker Biomarine tinga eit nytt krillskip hos Vard, nettopp på grunn av dei nye reglane. Men hos ordinære fiskebåtreiarlag ser ikkje regelendringa ut til slå ut i mykje meir bygging i Noreg.
Nytt

Giek-finansiering fristar lite

Fiskarane syns den nye finansieringsordninga blir for rigid.

20.02.2018
I fjor blei det opna for at også norske fiskerbåtreiarlag, kystfrakt- og ferjereiarlag kan få finansiering frå Eksportkreditt - med garantiar frå Giek, når dei byggjer ved norske verft.
Fiskerminister Per Sandberg sa til NETT NO i går at han vonar regelendringa skal gjere at fleire norske fiskebåtreiarlag vil byggje hos norske verft.

Signala frå fiskebåtreiarane er at få vil bruke ordinga.

Ikkje aktuelt

- Det er heilt uaktuelt å gå på ei Giek-ordning så lenge dei har 12-årsordninga, seier fiskebåtreiar Rita Sævik.
Ho siktar til kravet om at eit lån frå Eksportkreditt må betalast attende i løpet av 12 år, og alle avdrag til faste tider. Det er blir alt for rigid for ein bransje der inntektene kan svinge mykje frå år til år, og også gjennom sesongen, meiner ho.
Heller ikkje Henning Veibust, som i går offentlegjorde at han har tinga eit nybygg frå Karstensen Skibsværft i Danmark, vurderte den nye eksportkreditt-ordingan som eit alternativ før har bestemte seg for kvar kontrakten skulle hamne.

- Eg vurderte den ordninga som å vere ikkje spesielt tilpassa fiskerinæringa, seier Veibust.

Blir brukt av fåtal

Ola Øvrelid, banksjef for skipsbygging og fiskeri i Sparebank1 SMN i Ålesund, trur eit mindretal av fiskebåtreiarane vel å bruke Eksportkreditt-ordninga for å byggje i Noreg.
Ordninga er heilt ny, men tilbakemeldingane frå kundane er ordninga er mindre fleksibel når det gjeld tidpunkt for tilbakebetaling enn dei kan få om dei låner i bank.
- Vårt tips er at det ikkje blir mykje brukt, seier Øvrelid om tilbodet om finansiering av fiskebåtar bygd hos norske verft.

Publisert: 20.02.2018 20:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18