Geiranger faar elektrisk turbuss
ELBUSS: Konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal (t.v.) og ny elbuss og elferje frå Boreal. Geiranger er mellom plassane som blir satsa på.
Nytt

Geiranger får elektrisk turbuss

Boreal får 90 millionar med Enova for å gjere reiselivet grønare.

27.05.2020
Geiranger får elektrisk turbuss og ladestasjon som del av ei omfattande satsing på elektrifisering i regi av Boreal.
I ei pressemelding frå selskapet blir det opplyst at totalt skal det setjast inn 36 elektriske turbussar i Stavanger, Bergen, Eidfjord, Geiranger, Trondheim, Tromsø, Alta og Honningsvåg.
Prosjektet omfattar også 19 nye ladestasjonar, som skal plasserast ut i dei største cruisehamnene.
– Saman med Enova tar vi tidenes løft for eit klimavenleg reiseliv i Norge. Her vil vi både redusere klimagassutsleppa og samtidig vise at også kommersiell turtransport kan løysast med elektrisk drive materiell.
- På sikt er målet at alle turbussar skal bli elektriske, sier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal, i pressemeldinga.

Ny busstype

Det blir opplyst at Boreal har ein busstype under utvikling som er skreddarsydd for norske forhold og turbussmarknaden, men på grunn av koronasituasjonen har utviklinga tatt lenger tid enn planlagt.
Ambisjonen er å ha ein buss i drift i løpet av hausten.
Boreal starta 1. januar opp drift av det private ferjesambandet Lauvvik–Oanes i Rogaland, og selskapet opplyser at målet med prosjektet er at ferjesambandet skal bli drifta 100 prosent på elektrisitet frå land.
Frå før har Boreal tre elektriske ferjer i drift, og bestilte nyleg to nye elferjer frå Holland Shipyards Group. Dei to ferjene skal inn i samband i Agder.

- Viktige steg mot nullutsleppssamfunnet

Enova-direktør Nils Kristian Nakstad i Enova seier at for å halde oppe momentet i omstillinga til lavutsleppssamfunnet er det viktig med solide selskap som tar i bruk ny teknologi og er med på å skape nødvendig driftserfaring og styrke verdikjedene.
- Med desse prosjekta bidrar Boreal til viktige steg på vegen både for land- og sjøtransporten.
Boreal har hovudkontor i Stavanger og 2.700 tilsette, men er eigd av det Hongkong-baserte selskapet China Everbright Limited med den kinesiske staten som største eigar,

Publisert: 27.05.2020 09:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57