Geiranger Fjordservice satsar i A Alesund
UTVIDAR: Geiranger om sommaren, Ålesund om vinteren. Det er strategien til Geiranger Fjordservice. Styreleiar Leif Magne Klubbenes i Geiranger Fjordservice ombord i nybygget som i skal vere klart til drift i juni.
Nytt

Geiranger Fjordservice satsar i Ålesund

Når Geiranger går i vinterdvale satsar Geiranger Fjordservice på marknaden i Ålesund.

07.02.2018
I juni skal sighseeing-reiarlaget sette sin nye katamaran i drift på Geirangerfjorden. Katamaranen er den største investeringa Geiranger Fjordservice nokon gong har gjort, og skal trafikkere Geirangerfjorden i turistsesongen frå april/mai til september/oktober.
NETT NOs anslag er at prislappen er på i underkant av 35 millionar kroner.
Utanom turistsesongen skal Geiranger Fjordservice flytte båten til Ålesund, og leige den ut til firmaturar, konferansar og turar for vinterturistar i samarbeid med hotellnæringa i Ålesund.
- Det er eit behov, seier styreleiar Leif Magne Klubbenes.

Testa marknaden

Dei tre siste turistsesongane har Geiranger Fjordservice leigd inn ein ekstra båt for å teste marknaden for to sightseeingsbåtar på Geirangerfjorden, før selskapet bestemte seg for å investere i nybygg.

Selskapet har også lagt om drifta, til kortare turar og hyppigare avgangar, og har gode erfaringar med det.
Katamaranen har plass til 147 passasjerar, men kan ommøblerast i løpet av ein dag, for å tilpassast annan bruk enn reine sightseeingturar.

Små utslepp

Skroget til det 24 meter lange fartyet kom på plass for utrustning hos Maritime Partner i Breivika i Ålesund denne veka, og tysdag 6. februar, kom og styrehuset på plass. Det er det største fartyet Maritime Partner har bygd og når nesten til taket i fabrikkhallen i Breivika.
Fartyet er utrusta med dieselmotor, men skal likevel ha eit utslepp - når det går i cruisefart - i underkant av kva ein maxi-taxi med 12 passasjerar slepper ut, seier Klubbenes. Ein grunn til dei lave utsleppa er ei utforming av skroget som skal gi liten motstand i vatnet.
Fartyet er og bygd slik at dieselmotorane enkelt kan erstattast med batteridrift, eller hydrogendrift.
Skroget er og bygd i resirkulert aluminium, og fartyet har eit lukka toalettssystem frå Jets, seier Klubbenes.

Fjord1 på eigarsida

For å finansiere nybygget henta Geiranger Fjordservice inn 8-10 millionar kroner i ny eigenkapital frå eksisterande aksjonæar og finansierte resten med lån.
Fjord1 er største aksjonær i selskapet (cirka 30 prosent). Fjord1 er også 50-prosent eigar i Fjords, som driv sightseeingsbåt på Nærøyfjorden og ferjeruta Geiranger-Hellesylt.

Publisert: 07.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18