Gamle kundar tilbake for fullt
OPPTUR: I løpet av 2017 snudde marknaden for Olav Harald Hovdenakk og kollegaene i Hovedenakk Maskinering.
Nytt

Gamle kundar tilbake for fullt

2018 blei eit rekordår for Hovdenakk Maskinering. 

31.05.2019
Hovdenakk Maskinering starta 2018 med ein i arbeid. No er dei fire på lønningslista.
Driftsinntektene passerte 4,5 millionar kroner i fjor, og selskapet sat att med eit overskot før skatt på 0,7 millionar kroner. Driftsinntektene er til og med høgare enn før finanskrisa slo inn rundt 2008. (Då var selskapet eit enkeltmannsforetak).
- Det er større aktivitet hos dei vi vanlegvis handlar mest med, seier Olav Harald Hovdenakk om årsak til at den mekaniske industri-bedrifta i Åmdalen i Ørsta eit kraftig løft.

Snudde i 2017

Hovdenakk Maskinering lagar mindre delar til gir- og propellprodusentar, som Rolls-Royce, Nogva Heimdal, Finnøy Gear & Propeller og Brunvoll.
Det handlar om dreia og fresa metalldelar, der nøyaktigheita blir målt i 100-dels millimeter.
Etter oljeprisfallet og bråstoppen i offshoremarknaden krympa etterspørselen også for Hovdenakk Maskinering. Selskapet sikta seg inn på kundar i marknaden for fiskeri- og oppdrett.

Det gav ikkje heilt det løftet Hovdenakk hadde håpa på, men i løpet av av 2017 snudde stemninga hos dei tradisjonelle kundane, og sidan har det gått oppover.
- Året har byrja bra, seier han om starten på 2019.

Starta i reisskapshuset

Hovdenakk starta heime i reiskapshuset i 1997, samstundes som har dreiv gard og jobba i industrien. I 2002 avvikla han gardsdrifta og sa nokre år etter også opp hos Rolls-Royce, og satsa på heiltid.
I 2014 gjorde han enkeltmannsforetaket om til aksjeselskap og i 2015 flytta selskapet inn i sitt nye industribygg ved Vatnevatnet i Åmdalen.

Publisert: 31.05.2019 15:41

Sist oppdatert: 07.04.2021 11:22