Gamle Rem taper paa valuta
OPPLAG: Rem Provider og Rem Supplier ligg i opplag på Moltu.
Nytt

Gamle Rem taper på valuta

Nye Rem Offshore jaktar fleire skip frå Solstad, men gamle Rem gjekk på ein smell i første kvartal på grunn av valutatap.

29.05.2020
Rem Offshore i Fosnavåg har nyleg overtatt den fem år gamle PSV-en Normand Skude frå Solstad-flåten.
Skipet heitte tidlegare Rem Arctic og var det siste skipet gamle Rem overtok før selskapet i 2016 vart slukt av Kjell Inge Røkke og Lars Peder Solstad bak Solstad Offshore.

Russisk oppdrag

Rem Arctic kosta 345 millionar kroner i 2015. Rem Offshore har truleg betalt under 200 millionar kroner for skipet, som no er klart for oppdrag i Karahavet i Russland.

I seier styreleiar Åge Remøy at målet for Rem Offshore er å vekse.
- Det er mykje som er snudd på hovudet sidan Solstad overtok oss i 2016.
- No er det vi som er i posisjon til å kjøpe, medan Solstad må selje.
Etter det NETT NO kjenner til er nye Rem spesielt interesserte i dei tidlegare Rem Installer (no Normand Jarl), Rem Commander (Normand Nayley) og Rem Fortess (no Normand Falnes).

Valutatap

Den gamle Rem-flåten er i Solstad organisert under paraplyen Solship Invest 1.
Flåten segla i første kvartal inn 159 millionar kroner, og hadde eit driftsresultat på 40 millionar kroner.
Men eit urealisert valutatap på 61 millionar kroner, renter på 25 millionar og av- og nedskrivingar førde til at resultatet før skatt enda på minus 53 millionar kroner.
Gamle Rem er ikkje det einaste offshoreselskapet som taper på ei svak norsk krone. Det melde også Havila Shipping torsdag.

Den samla gjelda i Solship Invest 1 er no på 3,7 milliardar kroner.

Vil redusere flåten

Som ein del av restruktureringa planlegg Solstad å redusere flåten frå 127 til 90 skip, og der 14 skip er planlagt skrapa.

På salslista står dei tidlegare Rem-skipa Normand Provider og Normand Supplier, tidlegare Rem Provider og Rem Supplier.
Begge desse to siste skipa ligg i opplag på Moltu, og er 13 og 10 år gamle.
Åge Remøy seier at det for Rem Offshore ikkje er aktuelt å kjøpe så gamle skip.

Publisert: 29.05.2020 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57