Gaar saman om eitt salsselskap
SAMLING: Eitt felles salselskap skal gi Ervik Havfiske på Stadlandet (biletet) og Carisma Fish i Vågsøy større tyngde i marknaden.
Nytt

Går saman om eitt salsselskap

Ervik Havfiske og Carisma Fish slår saman salsselskapa sine. 

22.01.2018
- Dette gjer vi fordi vi då får ein betre posisjon i marknaden, seier dagleg leiar Stian Hjelle i Artic Linefish om samlinga av dei to salsselskapa i eitt.
Frå årskiftet er Carisma Fish sitt salsselskap, Carisma Seafood, slått saman med Ervik Havfiske sitt salselskap Arctic Linefish. Begge fiskebåtreiarlaga er medeigar i salsselskapet etter samanslåinga. Dei tidlegare daglege leiarane i salsselskapa, Olav Steimler og Arild Aarvik, går inn styret i det samanslåtte selskapet.
I 2017 hadde Arctic Linefish cirka 150 millionar kroner i driftsinntekter. I år er den venta å bli rundt 260 millionar kroner, i følgje Hjelle.

Større aktørar

Hjelle anslår at Arctic Linefish vil stå for mellom 25 og 30 prosent av leveransane frå havgåande norske linefarty etter samanslåinga.
Samanslåinga er eit svar på at det blir færre og større aktørar på kjøparsida. Det gjer at Ervik Havfiske og Carisma Fish ville ha eit salsselskap med større tyngde i marknaden.
- Vi blir ein tyngre aktør. Det gir oss sjansen til å jobbe meir langsiktig, seier Hjelle.

Open for samarbeid

I tillegg til å selje eigen fisk kjøper Arctic Linefish også fisk på auksjon frå andre.
Det skal selskapet halde fram med, og Hjelle seier Arctic Linefish også er ope for å inngå faste avtaler med andre reiarlag om å selje fisken for dei.
Ervik Havfiske er det største linebåtreiarlaget i Noreg, i tillegg til å også drive linefiske i Sydishavet.
Vi blir ein tyngre aktør. Det gir oss sjansen til å jobbe meir langsiktig

Publisert: 22.01.2018 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17