Gaar saman for utvikling i Giske
GOD PLASS: Gjøsundområdet omfattar 100-120 mål og skal etter planen mellom anna byggast ut til ei nasjonal fiskerihamn som kan samle fiskebåtreiarlaga i Giske om ein felles infrastruktur. Eit felles selskap for næringslivet og kommunen skal skal stå for planlegging og utvikling. Frå venstre fiskebåtreiar Rolf Giske, fungerande dagleg leiar Louis Nordstrand i Gjøsund Utvikling og ordførar Harry Valderhaug.
Nytt

Går saman for utvikling i Giske

Næringslivet og Giske kommune går saman om å utvikle og bygge ut næringsområde ved Gjøsund. Vil etablere fiskerihamn.

19.10.2018
I dag blei selskapet Gjøsund Utvikling as skipa for å samordne interessen til grunneigarane på begge sider av Gjøsund og planlegge og utvikle det som mellom anna kan bli sentrum for fiskeriselskapa i kommunen.
Aksjonærarane er blant andre åtte fiskebåtreiarlag, fleire andre bedrifter og kommunen.

Når inititativtakarane bak Gjøsund Utvikling sine mål kan området om nokre år ha fått viktig felles infrastruktur for fiskerinæringa, som kaier, fryselager, verkstad og administrasjonsbygg.

Skal mudre ut

I tillegg er det også plass til anna næringsverksemd på området som samla sett er på 100-120 mål i følgje ordførar Harry Valderhaug i Giske.
Det første fysiske arbeidet i området er mudring av den indre delen av Gjøsund, noko som gjer at området kan bli ei større fiskerihamn. Der skal eigarane av området forskuttere betaling for arbeidet, og pr. i dag er det sett av 91 millionar kroner til jobben. I beste fall kan mudring kome i gang neste år, seier Valderhaug.
Til saman har selskap i fiskeri- og oppdrettsnæringa i Giske ei samla driftsinntekt på rundt fire milliardar kroner, og ei felles fiskerihamn og eit felles område for bedriftene i næringa vil styrke både bedriftene, kommunen og Ålesundregionen, etter Valderhaug si vurdering.

Få med fleire

Louis Nordstrand er fungerande dagleg leiar i selskapet.
Han seier selskapet planlegg å få med fleire aktørar i Gjøsundområdet og gjennomføre ei kapitalutviding når dei ei på plass.
Nordstrand seier selskapet si rolle er å planlegg og utvikle, men om eigarane ønskjer det det kan selskapet eventuelt og få ei rolle som utbyggjar av bygg på området.

Publisert: 19.10.2018 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27