Gaar saman for cruise satsing
CRUISESATSING: Gro Caroline Flølo og Wenche Flølo frå Farmhouse i Stryn, Unni Grebstad frå Shipnor i Angvik, Ove Dimmen i Ulstein Group og Marta Myklebust i Feel Free Production. 
Nytt

Går saman for cruise-satsing

Like før offshore-krisa slo inn snudde skipsmøbelprodusenten Shipnor seg mot cruise-marknaden. No gjer tre selskap i Nordfjord det same. I dag møttest dei på cruisekonferanse i Ålesund.

11.01.2018
Designselskapet Farm House, skilt- og dekorprodusenten Fluor-Lux og møbel og interiørprodusenten Feel Free Production har etablert eit felles selskap, SignalNorway, der dei ved å samarbeide kan dra i land nye oppdrag som dei ikkje kan klare kvar for seg .
Cruisebransjen er ein av marknadane SignalNorway skal satse på, og i dag er Gro Caroline Flølo og Wenche Flølo frå Farmhouse og Marta Myklebust frå Feel Free Productions på cruisekonferansen på Norsk martimt kompetansesenter i Ålesund.

Store oppdrag

For Shipnor i Angvik på Nordmøre, med Stig Jacobsen som ein sentral eigar, har satsinga på cruisemarknaden gitt selskapet oppdrag som er mykje større enn selskapet har fått frå offshore- og fiskebåtmarknaden.
Salssjef Unni Grebstad seier ei ordre på innreiing av 1400 lugarar - som selskapet arbeider med å få på plass no - tilsvarar innreiing av 80 fiskebåtar.

Vil ta meir sjølv

Ove Dimmen, salsjef for cruisesatsinga til Ulstein Group, seier Ulstein truleg vil stå for meir av innreiingsarbeidet sjølve på framtidige cruiseskip som blir bygde i Kina.
Det opnar ein større marknad for lokale leveandørar, etter Dimmen si vurdering.
Ulstein har i dag to cruiseskip i arbeid, eitt under arbeid i Kina, og eitt skal byggast på eige verft.

(intensjonavtalen er blitt til avtale)

Godt besøk

Målet med cruisekonferansen i Ålesund er å bidra til å opne cruisemarknaden for andre aktørar enn verft- og maskinleverandørar.
Konferansen samlar rundt 120 deltakarer.

Publisert: 11.01.2018 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17